Just Qvigstad

Fødd4. april 1853
Lyngen kommune
Død15. mars 1957
Tromsø kommune
NasjonalitetNoreg
Yrkeantropolog, lingvist, politikar, historikar, omsetjar, universitetslærar, skribent, bibelomsetjar, teolog
Alma materUniversitetet i Oslo
BarnJust Knut Qvigstad
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Qvigstad si grav på Tromsø gravlund

Just Knud Qvigstad (4. april 185315. mars 1957) var ein norsk skolemann og språkforskar, som er mest kjend for arbeidet sitt med samisk språk.

Qvigstad var fødd i Lyngen, faren var Engebret Qvigstad og mora Edel Petra Krogh. Faren kom frå Gulbrandsdalen, frå ein plass kalla Kvigstad. Qvigstad tok artium i Tromsø som sekstenåring. Han vart lærar ved Tromsø lærerskole i 1878. Same år drog han til Kautokeino i fire månader for å lære samisk. Qvigstad vart cand.theol. i 1881.

Som språkforskar var Qvigstad oppteken av samisk språkhistorie, og av kontakten mellom samisk, finsk og norsk. Han var styrar for den samiske avdelinga ved Tromsø Museum fram til 1931, og han samla over 2300 forteljingar, og 2000 bind.

Qvigstad var den siste av dei norske lappologane som ikkje fekk innføring i junggrammatikk, men i og med at han levde så lenge var han aktiv samtidig med junggrammatiske forskarar. Han skreiv både om reint språklege emne og om samisk etnografi og religion. Som språkforskar var han oppteken av nordiske lånord i samisk, eit tema som har fått lite merksemd i Noreg i tida etter Qvigstad. Han skreiv også om samiske stadnamn, dette temaet har fått mykje merksemd også seinare, og her er Qvigstad standardreferansen.

Qvigstad sat i bystyret i Tromsø for (Høgre) i 1899-1907 og han var ordførar i 1899, 1903 og 1907; og statsråd i kyrkjedepartementet i Regjeringa Konow i 1910-1912. Ved Tromsø Museum sat han i styret 1884-1934. Museet innstifta i 1943 Qvigstads gullmedalje, som vart utdelt kvart femte år for bidrag til lappologisk forsking. Han vart også vald inn i Vitenskapsakademiet i Kristiania i 1888, og inn i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim i 1894. I 1912 fekk han Petter Dass-medaljen. Frå 1920 var han statsstipendiat.

Ved Høgskolen i Tromsø vart Qvigstad-auditoriet i 2003 oppkalla i høve 150-årsjubileet for fødselsåret hans.

Bibliografi (utval)

Bakgrunnsstoff

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.