Alfabetet
A B C D E
F G H I J
K L M N O
P Q R S T
U V W X Y
Z Æ Ø Å

K (k) er den ellevte bokstaven i det latinske alfabetet. Han stammer frå greske kappa (Κ, κ), som i latin og i dei romanske språka så godt som heilt er avløyst av c. Lydverdien til bokstaven er i regelen ein ustemt, bakre plosiv, men føre fremre vokalarnorsk og svensk har han oftast lydverdien [kj] (på norsk føre e, i og ei, øy, bortsett frå visse namn og framandord).

Ord som ikkje finst på k, bør søkast under c. Merk òg at både den greske bokstaven x og den russiske bokstaven x blir transkribert som kh, til dømes Khalkis og Kharkov.

K kan vise til

k kan vise til

Kjelder

«K – bokstav» i Store norske leksikon, snl.no.