Kamaran | |||
øy | |||
Kamaran sett frå verdsrommet
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 15°21′N 42°34′E / 15.350°N 42.567°E | ||
Høgaste punkt | Jabal Yaman | ||
Lengd | 18 km | ||
Areal | 108 km² | ||
Folketal | 2 200 | ||
![]() Kamaran 15°21′N 42°35′E / 15.35°N 42.59°E | |||
Wikimedia Commons: Kamaran Island | |||
Kamaran (arabisk كمران Kamarān) er den største Jemen-kontrollerte øya i Raudehavet. Ho er 108 km² stor, 18 km lang og 7 km brei, og ligg strategisk til i sørenden av Raudehavet.[1] Øya ligg i det grunne farvatnet på kontinentalsokkelen til Den arabiske halvøya med korallrev på tre sider av øya. Innbyggjartalet er 2 200.[2]
Kamaran er generelt flat, med nokre få åsar i sør. Det høgaste punktet er Jabal Yaman (24 moh), og ligg kring tre kilometer frå Ra's al Yaman, det søraustlege neset på øya. Furah, Makram og Sayfaf er busetnader på Kamaran.
Kamaran hadde vore busett i fleire hundreår då portugisarane oppretta ein utpost der på 1500-talet. Øya kom under Det osmanske riket på 1800-talet og vart nytta som ein karantenestasjon for pilegrimar som skulle utføre hajj i den osmansk-kontrollerte, muslimske heilage byen Mekka.
I juni 1915, under fyrste verdskrigen, tok Idrisi-hæren øya og gav ho til den britiske provinsen Aden som eit forhandlingsverktøy. Aden fortsette å styre øya, men ho vart ikkje formelt annektert. Under Lausannetraktaten i 1923, der Det osmanske riket vart delt opp, mista osmanarane retten til øya og britane fortsette å okkupere øya trass protestar frå Jemen og styrte det frå kolonien Aden. I 1949 erklærte Storbritannia formelt at gurvernøren av Aden var guvernør på Kamaran, men ho vart ikkje ein del av kolonien.[3]
Den 30. november 1967 kom Kamaran inn under Den demokratiske folkerepublikken Jemen (Sør-Jemen) då dei fekk sjølvstendet sitt frå Storbritannia, men vart erobra av nabolandet Den arabiske republikken Jemen (Nord-Jemen) i 1972[4] og vart ein del av det samla Jemen i 1990.