Karamell er ein masse av sukker som er varma opp til 160–200 °C og kjølt ned att. Denne prosessen er kalla for karamellisering. Karamellen er mørkebrun i fargen, og kan variera frå seig til sprø i konsistensen. Det kan tilsetjast ulike ingrediensar som fløyte, nøtter og frukt. Karamellar kan også vera fylte, eller fungera som ingrediens i andre matvarer, som sjokolade, kaker og liknande.[1]
Karamell er også namnet på eit fargestoff som kan brukast i næringsmiddelindustrien.