Karin Fossum

Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. november 1954 (69 år)
Sandefjord kommune
Yrke skribent, lyrikar, drosjesjåfør, sjukepleiar, romanforfattar
Sjanger detektivforteljing, psykologisk thriller
Karin Fossum på Commons

Karin Fossum (fødd 6. november 1954 i Sandefjord) er ein norsk forfattar. Jentenamnet hennar var Karin Mathisen, og dei fyrste bøkene hennar er skrivne under det namnet. Ho er mest kjend som krimforfattar, og krimbøkene hennar er omsette til fleire språk.

Ho debuterte i 1974 med diktsamlinga Kanskje i morgen, som ho fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for.

Karin Fossums kjente kriminalromanar har etterforskaren Konrad Sejer i hovudrolla. Til no er det kome åtte romanar om sakene han løyser; Evas øye (1995), Se deg ikke tilbake! (1996), Den som frykter ulven (1997), Djevelen holder lyset (1998), Elskede Poona (2000) og Svarte sekunder (2002). Ho fekk Brageprisen for Elskede Poona, og alle desse romanane har vorte filmatiserte.

I tillegg til dei suksessfulle krimbøkene har Fossum skrive novellesamlingane I et annet lys (1992) og Søylen (1994), og romanane De gales hus (1999), Jonas Eckel (2002) og Natt til 4. november (2003). De gales hus er ein roman frå innsida av ein psykiatrisk institusjon, medan Jonas Eckel handlar om ein litt spesiell mann og det litt spesielle forholdet han har til ei kvinne. Natt til 4. november handlar om eit foreldrepar som må leve i uvisse når dottera brått forsvinn.

Bøker

Filmatiseringar av Karin Fossums bøker

Prisar

Kjelder

  1. 1,0 1,1 Guro H. Bergersen (22. august 2013). ««Karin Fossum får Amalie Skram-prisen»». Nettstaden til Bergens Tidende. Henta 22. august 2013. 

Bakgrunnsstoff