Karl Gjellerup | |
![]() Karl Adolph Gjellerup | |
Nasjonalitet | Dansk |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 2. juni 1857 Præstø |
Død |
13. oktober 1919 (62 år) |
Yrke | Forfattar og teolog |
Religion | ateisme |
Ektefelle | Eugenia Gjellerup |
Karl Gjellerup på Commons |
Karl Adolph Gjellerup (fødd 2. juni 1857 i Roholte ved Præstø, død 13. oktober 1919 i Klotzsche ved Dresden) var ein dansk forfatter som saman med Henrik Pontoppidan fekk Nobelprisen i litteratur i 1917. Svenska Akademien gav Nobelprisen til Gjellerup «för hans mångsidigt rika och av höga ideal burna diktning.»[1][2]
Gjellerup er i dag ein nesten gløymd forfattar, også i Danmark. Diktinga hans er ikkje særmerkt av stor språkleg kraft, og kunstnarleg var han ujamn. Tonen er heller kjølig og stilen prega av ein alt for framherskande refleksjon. Men forfattaren hadde lese mykje ulik litteratur, og han sat inne med ein omfattande kulturell kunnskap og hadde eit både djupt og opphøgd filosofisk syn som han presenterte med ein fin og alvorleg moralsk interesse. Mange litteraturhistorikarar reknar han som ein ærleg sanningssøkjar.
Nobelpristildelinga blei ikkje entusiastisk motteken i Danmark; dette var under den første verdskrigen og danskane rekna Gjellerup som ein tysk forfattar – han var gift med ei tysk kvinne og hadde lenge budd ved Dresden. Dessutan hadde han til ulike tider lagt seg ut både med Georg Brandes-fløya og den konservative høgrefløya i Danmark. Det blei rekna med at dei nøytrale svenskane ikkje ville vekke spekulasjonar om at dei tok parti i krigen, men heller ønskte å styrke det skandinaviske bandet.
|
|
|
|