På 1700-talet kom det fleire utgåver av Petter Dass sine katekismesongar. Her tittelblad av utgåve frå 1750, etter foto i Årbok for Helgeland 2006

Katekismesongar, eller D. Morten Luthers Lille Catechismus, Forfattet I Beqvemme Sange Under Føyelige Melodier er eit diktverk av Petter Dass frå AlstahaugHelgeland. Boka vart lagt fram for sensuren i 1698, og første gongen trykt i 1714.

Utgåver

Den eldste kjende utgåva er ei handskriven bok frå 1698. Dette handskriftet finst i dag på Petter Dass-museetAlstahaug. Boka vart trykt i 1714, sju år etter at diktaren døydde. Katekismesongane kom i fleire utgåver ut over 1700-talet, og var då den mest selde av Petter Dass sine bøker.

Innhaldet

Diktverket er ei katekisme på verseform. Etter dedikasjon og innleiing er innhaldet:

Songane går på forskjellige versemål, og det står oppført kva for melodi dei skal syngast til. Nokre av songane skal syngast til sin eigen melodi, og for dei er det spekulert på om Petter Dass sjølv har skrive melodien. Andre har spekulert på om melodinamnet då er stroke fordi melodien kunne verte assosiert med verdslege tekstar som kunne gjere at boka ikkje slapp gjennom sensuren.

Blant songane som Sjunges under sin egen melodi er Herre GUd! dit dyre navn og Ære, som er skriven til bøna Helligt vorde dit Navn. Til denne songen, som i boka er på 16 vers, skal det vere samla 100 ulike melodiavariantar.

Bruk av songane

Det går fram av innleiinga at boka er meint for husbruk og privat andakt. Songane er neppe brukt som salmar i kyrkja. Men etter at diktinga til Petter Dass fekk sin renessanse frå midten av 1800-talet, vart fleire av katekismesongane redigert om til salmar høvelege for kyrkjesong og tekne inn i salmebøkene.

Nokre døme

Til det tredje bodordet:

Men om du skulde
Undskyldning vende for,
At du tilfulde
Din' Prester ei forstaaer:
En Part har Snue
Og taler vanskeligt,
Part vil paa Skrue
Sin' Ord omvrie digt,
Din Sinds Formue
Er ei at fatte sligt, -

Til den første truvedkjenninga:

Mig og forundrer i mit Sind
At jorden som er kugletrind,
kan Folk og Hus Annamme;
Hver synes, de staaer ovenpaa,
Og de, som mod vor' Fødder gaa,
Dem synes og det samme;
Hver tror, Hver Snor
Mod hverandre, kan dog vandre, Alle lige
Med sin Fod på Jorden Stige.

Til Fadervåret:

Bønnens Ord de lyder saa:
Giv idag vort Brød at faa!
Se, saa bede vi nu først:
Fri fra Hunger, nød og Tørst!
Fri vort Hus fra Fattigdom,
At vi ei fra Rom til Rom
Nødes gaa med Posen om!

Til dåpen:

Saa kommer, kommer frem,
Og henter Vand til hver en tørstig Lem,
Her skjænkes Aqvavit,
Det kan I kjøbe frit,
I faar det uden penge,
Er det ei god Profit?

Til nattverden:

Øiet Vinen for sig har,
Og Munden smager Saften,
Øret Ordet i sig tar,
Og Hjertet sander kraften;
Se, saa faar en Lem for sig
Her noget at bestille.
Hvor kan jeg, JEsu, takke dig
For al din gode Villie!

Til forsamlinga:

Ved Kjærlighed til Folk og Gud
Fuldbyrdes hvert et Herrens Bud,
Og i det Ord befattet er
Ret alle Guds befalinger,
Halleluja!

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Petter Dass sine katekismesongar i utgåver frå 1750 og 1874