Khrustalnyi, Krasnyj Lutsj ukrainsk Хрустальний, Красний Луч russisk Хрустальный, Красный Луч | |||
by | |||
Styrebygningen i Khrustalnyj
| |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Oblast | Luhansk oblast | ||
Koordinatar | 48°08′N 38°56′E / 48.133°N 38.933°E | ||
Areal | 153,56 km² | ||
Folketal | 89 688 (2005) | ||
Folketettleik | 584 / km² | ||
Grunnlagd | 1895 | ||
- Bystatus | 1926 | ||
![]() Khrustalnyj 48°07′17″N 38°56′43″E / 48.121388888889°N 38.945277777778°E | |||
Wikimedia Commons: Khrustalnyi | |||
Khrustalnyj eller Krasnyj Lutsj er ein by i Luhansk oblast (provins) søraust i Ukraina. Byen har kring 90 000 innbyggjarar (2005).[1] Sidan 2014 har byen vore kontrollert av den såkalla folkerepublikken Luhansk.
Byen vart grunnlagd som Krindatsjovka[2] på slutten av 1800-talet[3][4] og fekk namnet Krasnyj Lutsj ('raud bjelke') i desember 1920. Han fekk bystatus i 1926.[3][4] Byen vart eit viktig senter for kolgruvedrift i Donetsbekkenet.[2][3]
Byen var under tysk okkupasjon frå juni 1942 til september 1943.[3] Jødar som budde her og andre offer, som kommunistar, blei drepne og kasta ned i Bogdan kolgruve. Totalt blei rundt 2 000 menneske drepne.[5]
I januar 1965 hadde byen eit folketal på 101 000.[6] I januar 1989 var folketalet 113 278.[7] Byen haddde ei viktig rolle i kolgruvedrift, med fleire industrianlegg og ein jernbanestasjon.[2]
I januar 2013 var folketalet i byen 82 765.[8]
Sidan våren 2014 har byen vore kontrollert av den sjølverklærte Folkerepublikken Luhansk.[9]
Under avkommuniseringslovar vedtekne i Ukrain blei byen omdøypt til Khrustalnyj av det ukrainske parlamentet den 12. mai 2016.[10][11] Omnemninga fekk ikkje praktisk tyding, ettersom byen ikkje var under ukrainsk kontroll.[9]
Ved folketeljinga i 2001 var innbyggjarane fordelt på følgjande folkegrupper:[12]