Kjempefamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Kjempefamilien Plantaginaceae Juss., 1789 |
Kjempefamilien (Plantaginaceae), tidlegare maskeblomfamilien, er ein familie i ordenen tofrøbladingar. Medlemane har blad i rosett (utan rosett hos Plantago arenaria). Dei har regelrett undersitjande firetalsblomar med lang griffel og fire lange mjølberarar, og kapsel.
Den utvida Plantaginaceae s.l./Veronicaceae har 90 slekter og om lag 1 700 artar. Den største slekta er Veronica med om lag 450 artar. Veronica inneheld òg underslektene Hebe, Parahebe og Synthyris, som tidlegare vart sett på som eigne slekter. Alle slektene i Plantaginaceae var tidlegare klassifisert i Scrophulariaceae (brunrotfamilien), unntatt der dette er oppgitt. Normerte norske namn er oppgitt der dei eksisterer. Om ikkje anna er nemnt, er slekter med norsk namn registrerte i Noreg.[1][2]