Kjetting
Ankerkjetting

Kjetting er ei fleksibel kjede av ovale metallringar som går gjennom kvarandre. Det finst mange ulike former av kjetting, frå tynne kjettinglenkjer som fester toppa i ein vask til tjukke ankerkjettingar på skip.

Soge

Kjettinga stammar frå bronsealderen, då tynne kjettingar vart nytta til smykkekjede. Grekarane var òg opptekne av kjetting,[1] og i skissene til Leonardo da Vinci førekjem kjettingar ofte. Ringbrynjene frå mellomalderen kan sjåast på ein ein slags todimensjonal kjetting. I 1634 fekk engelskmannen P. White innvilga eit patent på ein ankerkjetting av jarn. I tida før ståltau vart produsert industrielt vart kjetting nytta i kraner, gravemaskinar, og liknande. Nokre typar kjetting vert kalla kjede, som til dømes urkjede og halskjede.

Nokre bruksområde

Snøkjetting på personbil
Kjetting som sykkellås

Kjelder

  1. Filon frå Bysants, , Μηχανικὴ Σύνταξις ('mekaniske lover').

Sjå òg