Klippe er ei fjellside eller berggrunn, ofte med bratte eller nær loddrette sider. Dei kan stikka opp frå havet eller langs elvar.
Dei kan bli danna gjennom erosjon, forvitring, eller ved forkastingar i grunnen.
Ofte er klippene danna av bergartar som motstår nedbryting, som basalt eller granitt, eller dei kan vera ein bergart der enden stadig blir broten ned, som sandstein, kalk, krit eller dolomitt. Ein finn ofte klipper ved havet eller langs elvar.
Klipper kan vera bustad for fuglar, som ofte dannar fuglefjell her. Dei er så godt som uframkomelege for andre dyr, og er dermed trygge hekkeplassar for fuglane.
Menneske kan driva med aktivitetar som fjellklatring og basehopping på klipper.
Ordet «klippe» kjem frå lågtysk gjennom dansk og bokmål.[1] Det gammalhøgtyske ordet er kleb og gammalislandsk er klif, som nederlandsk klif og engelsk cliff.[2] Desse kan koma frå eit romansk lånord i tidlege germanske språk med opphav i dei latinske formene clivus, clevus ('skråning' eller 'fjellside').[3][4]Klint er eit dansk ord med liknande innhald.
Sidan klipper ikkje treng vera heilt loddrette, ligg ikkje definisjonen av kva som er klipper og ikkje heilt fast. Derfor kan det vera vanskeleg å lista opp klipper og finna den største.
Guinness rekordbok reknar den 1 010 m høge Kalaupapa på Hawaii som verdas høgaste klippe.[6] Ein annan kandidat er nordsida av Mitre Peak på New Zealand, med eit fall på 1 683 m ned i Milford Sound.[7] Den gjennomsnittlege skråninga på Kaulapapa-klippene er rundt 1,7, tilsvarande 60 gradar, og Mitre Peak har ei liknande helling. Eit meir loddrett fall ned i sjøen finn ein på Maujit Qaqarssuasia på Grønland (også kalla 'Thumbnail'), som ligg i Torssukátak-fjordområdet ved spissen av Sør-Grønland. Klippa fell nesten loddrett 1560 m ned.[8]
Kanskje den høgaste fjellside i verda er sørsida av Nanga Parbat i pakistansk Himalaya, Rupal Face, som går 4 600 m opp frå bakken. Great Trango i Karakoram i ein annan del av Pakistan er ein annan kandidat, med ei nesten loddrett side på 1 340 m. Om ein legg til den bratte tilkomsten til den loddrette delen er fallet frå toppen av austsida ned til Dunge-breen nesten 2 000 m.
Thor-toppen på Baffin-øya i arktisk Canada er ofte rekna for å ha det største fallet til jorda i verda, 1 250 m.[9]
Andre klippeveggar på Baffinøya, som Polar Sun Spire i Sam Ford-fjorden, eller andre klipper i delar av Grønland kan vera høgar.
Klipper kan ha ei viktig kulturell tyding. Gresk mytologi fortel om Symplegadane, to klipper på kvar side av eit sund (ofte identifisert med Bosporos) som kunne lukka seg og knusa skip som prøvde å sigla gjennom dei.[10]
Jason og argonautane klarte å passera dei, og enda då den farlege stenginga.
Den tarpeiske klippa i Roma var ein utstikkar av Kapitol som blei brukt til å styrta dødsdømde frå. Klippa hadde namn etter Tarpeia, som forrådde borgen til sabinarane.[11]
Meir generelt kan ein bruka ord som klippe eller berg om Gud eller trua, noko ein finn døme på i Bibelen og i mange salmar.[12]
Nokre salmedøme er «Klippe, du som brast for meg», «La huset bli bygget på Ordets klippegrunn» og «Jesus lever, graven brast».
Klipper kan også vera nasjonale symbol. Mest kjent i Norden er kanskje Møns Klint på øya Møn i Danmark, mens Stevns Klint er referansepunkt i dansk historie for eit større sjøslag. Kalkklippene er ofte svært bratte etter tallause ras i havet/elva som eroderer på fjellfoten. Møns Klint er ca. seks km lang og er opp til 143 meter høg.
Cliffs of Moher eller Moher-klippene på Irland er blitt eit kjent turistmål i landet, og har vore bakgrunn i ei rekkje filmar, som The Princess Bride, Harry Potter and the Half-Blood Prince (2009),[13] og Leap Year (2010).
Liste
Under følgjer ei liste av nokre av klippene i verda.
Ultar Sar, sørvestsida, Karakoram i Gilgit–Baltistan i Pakistan, 3000 m
Trango Towers: Austsida av Great Trango Tower i Baltoro Muztagh i Gilgit–Baltistan i Pakistan, 1340 m (nær loddrett), 2100 m (svært bratt fall frå austtoppen til Dungebreen).
Uli Biaho, Baltorobreen i Gilgit–Baltistan i Pakistan
Baintha Brakk i Panmah Muztagh i Gilgit–Baltistan i Pakistan, 2000 m
Latok-gruppa i Panmah Muztagh i Gilgit–Baltistan i Pakistan, 1800 m
Spantik, nordvestsida, Karakoram i Gilgit–Baltistan i Pakistan, 2000 m
Shispare Sar sørvestsida, Karakoram i Gilgit–Baltistan i Pakistan, 3200 m
Hunzatoppen, sørsida, i Karakoram i Gilgit–Baltistan i Pakistan, 1700 m
Thor-toppen på BaffinøyaSøvestsida av El Capitan frå Yosemitedalen.Solnedgang ved Notch PeakVestsida til Ketil i Tasermiut på Greøland
Fleire store fjellsider av granitt i Arktis er blitt lagde fram som det høgaste stupet på jorda, men nøyaktige målingar finst ikkje for alle. Dei moglege kandidatane med tilnærma tal er:
Thor-toppen på Baffinøya i Canada; totalt 1370 m; dei øvste 480 m er overhengjande.
Nordsida av Polar Sun Spire i Sam Ford-fjorden på Baffinøya, 1300 meter over den frosne fjorden, men dei lågare delane av fjellsida er ikkje heilt loddrette.[15]
Vestsida til Ketil og nabojellet Ulamertorsuaq i Tasermiut på Grønland skal vera over 1000 m høge.[16][17][18] Ei anna relevant klippe på Grønland er Agdlerussakasit si «Thumbnail»-klippe.[19]
Andre kjende klipper er:
Mount Asgard på Baffinøya i Canada; loddrett fall på rundt 1200 m.
Alle sidene av Cerro Chalten (Fitz Roy), Patagonia i Argentina-Chile, 1200 m
Fjellsider i Torres del Paine-gruppa, Patagonia i Chile, opptil 900 m
Afrika
Over havet
Kogelberg, Western Cape i Sør-Afrika, 1 289 m (4 229 ft) over False Bay i Atlanterhavet
Table Mountain, Cape Town i Western Cape i Sør-Afrika, 1086 m over Atlanterhavet
Karbonkelberg, Cape Town i Western Cape i Sør-Afrika, 653 m over Hout Bay i Atlanterhavet
Los Gigantes, Tenerife på Kanariøyane i Spania, 637 m over Atlanterhavet
Chapman's Peak, Western Cape i Sør-Afrika, 596 m over Atlanterhavet
Anaga's Cliffs, Tenerife på Kanariøyane i Spania, 592 m over Atlanterhavet
Cape Hangklip, Western Cape i Sør-Afrika, 453 m over False Bay i Atlanterhavet
Cape Point, Western Cape i Sør-Afrika, 249 m over Atlanterhavet
Over land
Drakensberg Amphitheatre i Sør-Afrika, 1200 m over bakken, 5 km langt. The Tugela Falls, the world's second tallest waterfall, falls 948 m (3 110 ft) over the edge of the cliff face.
Mount Meru i Tanzania, Caldera Cliffs, 1 500 m (4 900 ft)
↑Max Pfister: Altromanische Relikte in der östlichen und südlichen Galloromania, in den rheinischen Mundarten, im Alpenraum und in Oberitalien. In : Sieglinde Heinz, Ulrich Wandruszka [red.]: Fakten und Theorien : Beitr. zur roman. u. allg. Sprachwiss.; Festschr. für Helmut Stimm zum 65. Geburtstag, Tübingen 1982, s. 219–230, ISBN3-87808-936-8
«Salmenes bok 62:3». Bibelen 2011. «Bare han er min klippe og min frelse / og mitt vern, jeg skal ikke vakle.» (nynorskomsetjinga bruker «berg»);
Og i Mosebøkene:
«Femte Mosebok 32:15». Bibelen 2011. «Jesjurun ble fet og spente bakut; / du ble fet og tykk og stinn. / Han forkastet Gud, som hadde skapt ham, / og viste forakt for sin frelsende klippe.» Nynorsk bruker «frelsesfjellet».
↑Jon Roberts: Agdlerussakasit (1750 m), east face, new route on east face; The Butler (900 m) and Mark (900 m), first ascents. American Alpine Journal (AAJ) 2004, pp. 266–267