Knivkjuke | |
![]() Knivkjuke | |
Systematikk | |
Rike: | Soppriket Fungi |
Rekkje: | Stilksporesoppar Basidiomycota |
Underrekkje: | Hymeniesoppar Agaricomycotina |
Klasse: | Ekte hymeniesoppar Agaricomycetes |
Orden: | Poresoppordenen Polyporales |
Familie: | Fomitopsidaceae |
Slekt: | Fomitopsis |
Art: | Knivkjuke F. betulina |
Vitskapleg namn | |
Fomitopsis betulina B.K.Cui, M.L.Han & Y.C.Dai, 2016
|
Knivkjuke (latin Piptoporus betulinus, tidlegare Polyporus betulinus) er ei kjuke som berre veks på bjørk.[1] Ho dannar brun rote i veden, og har ein mjuk fruktlekam. Fruktlekamen kjem fyrst når trea er nesten eller heilt daude. Kjuka er eittårig og mjuk i frisk tilstand, slik at ein lett kan stikka ein kniv i ho. Det har vorte hevda at reiskapen ikkje rusta og heldt seg skarp når den stod i kjuka.Den har difor vore brukt til å lagre reiskapar i; knivar, andre eggjarn og bor. Har og vore brukt til nålepute for skreddar og skomakar. Oversida kan vera frå heilt ljos, kvitaktig til mørkt gråbrun. Porelaget er fyrst kvitt, seinare blir det gulbrunaktig.
Fordi soppen er så mjuk og lett å forme, har han heilt frå mellomalderen vorte bukt til å lage ballar av. Under andre verdskrigen, og andre tider når det har vore dyrt og vanskeleg å få tak i gummiballar, har slike kjukeballar og vorte laga til barneleike. Dei hardnar etter kvart, men ved å fukte litt, vart han mjukare og elastisk. Slike ballar kunne òg smørjast med tjøre for å halde på elastisiteten.