Kol er òg eit anna namn på grunnstoffet karbon.

Døme på kol.

Kol er ei samnemning for brennbare sedimentære bergartar som inneheld karbon. Dei er svarte eller brunsvarte, og for det meste danna av planterestar.[1] Ufullstendig brend timber blir òg kalla kol. Kol har stor økonomisk verdi, og kolkraft blir mellom anna nytta i kraftverk (kolkraftverk).

I Noreg har ein særleg hatt kolgruvedrift på Spitsbergen. Kolet derifrå inneheldt stort sett lite svovel, og vart rekna for å vera av særs god kvalitet.[2][3]

Ulike typar kol

Ei enkel grovinndeling av koltypane som finst deler dei inn slik:

Inndelinga av kol baserer seg på delen av flyktige bestanddelar, og varierer mellom ulike land.

Andre typar kol

Kol i verda

Kolreservane i verda utgjer over 1 billion tonn. Det samla globale forbruket er på omkring fem milliardar tonn/år. Frå 1990 til 2006 gjekk forbruket i Europa ned 36 %. Reserver, forbruk (kring 2006) og venta forbruk i 2025 etter land/område:[4]

Område Reserver % Forbruk (mill tonn) Venta bruk i 2025
USA 27 1094 1505
Russland 17 251 288
Kina 13 1531 3242
India 10 431 736
Australia 9
Sør-Afrika 5
Europa1 1117 853
Andre 19 1016 1602

1Utanom Russland

Bruk av ordet kol

Ordet «kol» er ofte blitt brukt for å visa til noko som er heilt svart, og er brukt i nokre namn, som Kolbein og Kolbjørn.

Kjelder

  1. «Fossilt brensel» (på norsk bokmål). Institutt for biovitenskap ved UiO. Henta 14. mars 2023. 
  2. «Kull» (på norsk bokmål). Norges Geologiske Undersøkelse. Henta 14. mars 2023. 
  3. «Store Norske Spitsbergen Kulkompani forlenger produksjonen av industrikull til Europa fram til sommeren 2025» (på norsk bokmål). Nærings- og fiskeridepartementet i regjeringen.no. Henta 14. mars 2023. 
  4. National Geographic (norsk utgåve), nr 14, 2006.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Kol
Spire Denne geologiartikkelen som har med kjemi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.