Korporativisme, eller korporatisme,[1] (frå latin corpus, 'lekam', i overført tyding 'organisasjon') betydde opphavleg eit system der dei politiske organa blei samansette av utsendingar frå organisasjonar, laug, yrkesgrupper og næringsvegar i staden for val ved allmenn stemmerett. Historisk kan omgrepet førast tilbake til både stenderstaten og dei yrkes- og næringsorganisasjonane som kjøpmenn og handverkarar etablerte frå 1100-talet og framover.

Ulike typar

Det er to hovudformer for korporativisme, kalla statskorporativisme og samfunnskorporativisme, der den førstnemnde er totalitær, medan den andre er demokratisk.

Statskorporativisme

Statskorporativismen blei bruka mellom anna i det fascistiske Italia. Det var eit styringssystem basert på ein ovanfrå-og-ned-modell, der dei korporative institusjonane si viktigaste oppgåve var å disiplinere medlemsmassane i arbeidslivsorganisasjonane. Frie fagforeiningar var forbodne. Den fascistiske eittpartistaten skulle sjølv vere ein stram korporasjon, med vekt på einskap og disiplin.

Samfunnskorporativisme

I samfunnskorporativismen supplerer korporativismen («organisasjonskanalen») demokratiske val i «den numeriske kanalen» (Stein Rokkan), men erstattar dei ikkje. Samfunnskorporativismen betyr då eit frivillig samarbeid mellom organisasjonar i arbeids- og næringslivet, og mellom desse og den demokratiske staten, i ein blandings- eller forhandlingsøkonomi. Dei skandinaviske landa, i tillegg til Austerrike, har ofte vorte trekte fram som land der korporative innslag i statsforvaltninga er særleg store.

I samfunnskorporativismen er motivet frå styresmaktene si side for å trekkje organisasjonane inn i avgjerdsprosessane mellom anna dette:

Når samvirket mellom interesseorganisasjonar og staten blir institusjonalisert oppnår ein ein såkalla korporativ pluralisme, slik til dømes Noreg har.[2][3]

Kjelder

  1. «korporatisme» i Det Norske Akademis ordbok
  2. Berg, Ole T.: korporativ pluralisme i Store norske leksikon på snl.no. Henta 16. mai 2023.
  3. Theodor Barndon Helland. «Korporatisme». Civita. Henta 16. mai 2023.