Kortnebbdukkpetrell
Kortnebbdukkpetrell
Kortnebbdukkpetrell
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Kortnebbdukkpetrell
Utbreiinga av Kortnebbdukkpetrell
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Dukkpetrellfamilien Pelecanoididae
Slekt: Dukkpetrellar Pelecanoides
Art: Kortnebbdukkpetrell P. georgicus
Vitskapleg namn
Pelecanoides georgicus
Murphy & Harper, 1916

Kortnebbdukkpetrell (Pelecanoides georgicus) er ein dukkpetrell og medlem av ordenen stormfuglar. Det er ein av fire svært like alkeliknande små sjøfuglar som lever pelagiskden sørlege halvkula. Dei har utbreiing i Sør-Atlanteren og øyar av dei sørlege Indiahavet, på øyar og holmar utanfor New Zealand og på søraustlege australske øyar.

Skildring

Kortnebbdukkpetrell er ein liten, tjukkfallen petrell, 180-220 mm i lengd og veg rundt 90-150 gram.[1] Fjørdrakta har svart overside, skittenkvit underside og han har eit svart nebb.[2] Vengene har tynne kvite striper. Andletet og halsen kan vere meir brunt enn svart. Beina er blå.[2] Dersom ikkje denne fuglen er observert svært nært, er han nesten umogleg å skilje frå smalnebbdukkpetrell. Kortnebbdukkpetrellar har langt lysare fjører på undersidene av vengene enn smalnebbdukkpetrell. Det er berre små skilnader storleik.[3]

Kortnebbdukkpetrellar beitar primært på planktoniske krepsdyr, spesielt kril, men vil òg ete småfisk og unge blekksprutar. Dei er kjente for dugleiken til å dukke. Kortnebbdukkpetrell har vorte registrert ned til 48,6 meter, meir typisk 20 m.[4]

Han hekkar i koloniar på subantarktiske øyar, på Sør-Georgia i Sør-Atlanteren og på Prince Edwardøyane, Crozetøyane, Kerguelen-øyane og Heard- og McDonaldøyane i det sørlege Indiahavet. På New Zealand hekkar han på Codfish Island. Dei spreier seg sirkumpolart til omkringliggande havområde og streiffuglar har vorte registrert ved Falklandsøyane og Australia.[5]

Hekkesesongen er oktober-februar.[5] Hoa legg éit egg som dei rugar i 44-52 dagar. Ungane er flygedyktige etter 43-60 dagar.[1] Truslar mot kortnebbdukkpetrell inkluderer joar, kattar og rotter. Dei er utdøydde på Auckland-øyane fordi new zealand-sjøløva øydela reira.[1] Populasjonen er estimert til om lag 15 millionar individ (2004) og er minkande.[5]

Kjelder

Referansar

  1. 1,0 1,1 1,2 The Polar Conservation Organisation faktaark South Georgia Diving-petrel, arkivert frå originalen 5. oktober 2011, henta 12. mai 2012 
  2. 2,0 2,1 Dewey, T. 2009. "Pelecanoides urinatrix" (On-line), Animal Diversity Web. Henta 12. mai 2012 frå http://animaldiversity.ummz.umich.edu/site/accounts/information/Pelecanoides_urinatrix.html
  3. Barrie Heather and Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
  4. Prince, P. A.; M. Jones (1992). Maximum dive depths attained by South Georgia Diving Petrel Pelecanoides georgicus at Bird Island, South Georgia Antarctic Science 4 (4): 433–434. Henta den 12. mai 2012
  5. 5,0 5,1 5,2 BirdLife International (2012) Species factsheet: Pelecanoides georgicus Arkivert 2013-10-10 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 12. mai 2012

Bakgrunnsstoff