Kotingaer
Bandfruktetar, Pipreola arcuata Illustrasjon Joseph Smit, 1869, Public domain
Bandfruktetar, Pipreola arcuata
Illustrasjon Joseph Smit, 1869, Public domain
Utbreiing
Utbreiinga av kotingaer
Utbreiinga av kotingaer
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Tyranni
Infraorden: Tyrannida
Familie: Kotingaer Cotingidae
Bonaparte, 1849

Kotingaer, vitskapleg namn Cotingidae, er ein stor familie i ordenen Passeriformes. Dei finst i Sentral-Amerika og Sør-Amerika.

Skildring

Kotingaer lever i skoghabitat eller i utkanten av skog og har ein diett av frukt, somme artar også insekt. Dette er ei ueinsarta gruppe, men alle har breitt, krumma nebb, avrunda venger, og sterke bein. Kotingafamilien kan vere den familien av sporvefuglar som varierer mest i storleik, alt frå 8-cm for fuglekongekotinga til 50 cm for tomatparasollfugl, sjølv om den førstnemnte kanskje ikkje er ein ekte kotinga.

Hannar av mange kotingaartar, for eksempel andesklippehane, har kraftfulle farger, eller dekorasjonar med fjørduskar eller fargerike hudfolder, som parasollfuglar Cephalopterus, med sin parasolliknande kam og lange hudfold på halsen. Andre, som stentorpiha, har karakteristiske og langtrekkande kallerop. Hoene av dei fleste artane har meir nedtona farger enn hannane. Dei fleste artane er polygyniske, og berre hoer har ansvar for egg og ungar. Hos mange artar har hannane detaljrike kurtiseringritual, ofte med spel i grupper. I slekter som lever i trekroner som Carpodectes, Cotinga og Xipholena samlar hannane seg oppe i eit eller fleire tre, medan andre som lever på bakken viser spelet på bakken. Purpurskjeggkotinga lever i grupper av blanda kjønn der ei ho legg eitt egg og dei andre i gruppa syter for føda til ungen. Reira kan variere i utforming alt etter art. Mange artar legg eitt egg i eit reir som er så spinkelt at egget er synleg frå undersida. Dette gjer reira mindre iaugefallande og mindre sårbare for åtak frå predatorar. Artar som et frukt byggjer meir solide skålforma reir. Klippehanane gjer reira sine av jord og søle og fester reira til bergsider.

Artslista

Andesklippehane, Rupicola peruvianus
Foto: Jerry Thompson
Gullklippehane, Rupicola rupicola
Foto: Almir Cândido de Almeida
Argentinaplanteklippar, Phytotoma rutila
Foto: Allan Drewitt
Flitterkotinga, Cotinga cayana
Foto: Greg Hume
Flammebrystfruktetar, Pipreola frontalis
Foto: Wikimedia-brukar: MeegsC
Bandhalefruktetar, Pipreola intermedia
Foto: Juan José Chalco Luna

Kotingaer i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

Slekt Carpornis

Slekt Pipreola

Slekt Ampelioides

Slekt Zaratornis

Slekt Phytotoma

Slekt Doliornis

Slekt Ampelion

Slekt Phoenicircus

Slekt Rupicola

Slekt Snowornis

Slekt Haematoderus

Slekt Querula

Slekt Pyroderus

Slekt Cephalopterus

Slekt Perissocephalus

Slekt Cotinga

Slekt Lipaugus

Slekt Tijuca

Slekt Procnias

Slekt Porphyrolaema

Slekt Carpodectes

Slekt Xipholena

Slekt Gymnoderus

Slekt Conioptilon

Slekt Phibalura

Slekt Calyptura

Kjelder

  • Prum, Richard O.; Snow, David W. (2003). Cotingas, in Christopher Perrins (Ed.): Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books, 432–433. ISBN 1-55297-777-3.
  • Remsen, J. V., Jr., C. D. Cadena, A. Jaramillo, M. Nores, J. F. Pacheco, M. B. Robbins, T. S. Schulenberg, F. G. Stiles, D. F. Stotz, & K. J. Zimmer. 2007. A classification of the bird species of South America. American Ornithologists' Union. Lest 12. desember 2007.

Referansar

  1. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. januar 2014 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff