Kraken eller Krakjen, òg omtalt i ubestemt form krake, er eit kjempestort sjøuhyre frå norsk folketru som er er påstått å vere observert langs kysten av Noreg og Island.
Fabeldyret er først skildra «vitskapleg» av Erik Pontoppidan på midten av 1700-talet. Andre har skildra Kraken som ein lindorm i slekt med sjøormar som Nessie frå Loch Ness i Skottland og Seljordsormen i Seljordvatnet i Telemark. Atter andre, blant anna i engelskspråkleg og moderne populærkultur, har tolka kraken som ein kjempeblekksprut og bruker ordet som særnamn på eit slikt monster.
«Krake» er eit norsk ord skal vere i slekt med ord som krok og krykkje og det shetlandske krekin, som er eit tabunamn for kval.[1] Ordet skal stamme frå «krake» i tydinga «kroket og kleint tre» eller «tørr granstamme med nakne greiner». Det islandske kraki blei brukt om «tynn stong med hake på» eller «treanker med ein fastbunden stein».[2] Ordet kan òg brukast i fleirtalsforma krakar. For eksempel skreiv den danske forfattaren Thomas Christopher Bruun (1750-1834) tidleg på 1800-talet: «Det Diævelskab det (dvs. havet) i sin Barm udruger...Af Hayer, Orme, Kraker, Crocodiler.»,[3] mens diktaren Jens Baggesen (1764-1826) skriv «(...) omsvømmet af Fiske, Haier, og Hvaler, og Kraker, og vildt sig boltrende Marsvin.»[4]
Frå antikken er det kjende fleire forteljingar om forskjellige havuhyre, mellom anna Skylla, eit uhyre med seks hovud og tre rader med tenner, som nesten slukte Odyssevs. Grunnlaget for slike førestillingar kan ha vore fiskarar og sjøfolk som har sett kvalar og store blekksprutar. På tilsvarande måte kan førestillinga om kraken som eit svært uhyre djupt i havet ha oppstått i mellomalderen.
Den første skriftlege skildringa av kraken kjem frå den lærde, danske forfattaren og biskopen i Bergen Erik Pontoppidan d.y. (1698-1764). Han utgav verket Det første Forsøg paa Norges naturlige Historie, forestillende dette Kongeriges Luft, Grund, Fjelde, Vande, Væxter, Metaller, Mineralier, Steen-arter, Dyr, Fugle, Fiske og omsider Indbyggernes Naturel, samt Sædvaner og Levemaade i København i 1752 og 1753. Der omtaler han kraken som «det største havuhyret i verda. Det er rundt og flatt og fullt av armar eller forgreiningar». Kraken var ei flytande øy med enorme armar som når til toppen av ein skipsmast og kan trekke store krigsskip med seg i djupet. Pontoppidan byggde skildringane sine på forteljingar frå norske fiskarar. Når det på stader der vatnet var fleire hundre meter djupt, berre viste seg å vere 40-50 meter, visste fiskarane at det var ein krake under dei. Dei meinte det kunne samle seg masse fisk på ryggen av kraken, men at dei måtte måtte passe på at det enorme dyret ikkje plutseleg kom opp til overflata og velta båtar og drog dei med seg ned. I 1680 skulle ein mindre krake ha stranda på Alstadhaug ved Levanger i Nord-Trøndelag og i 1673 ein kjempekrake på minst 30 meter på vestkysten av Irland.
Frå Vestlandet finst det nokre få segn om Krakjen. Den vanlegaste sagnet fortel om nokre fiskarar som er ute med botnsnøre. Plutseleg merkar dei at det blir grunnare og grunnare under dei. Dei forstår at det er Krakjen som er på veg opp, og dei ror til lands så fort dei berre kan.
Kraken er òg omtalt i dikta The Kraken av den engelske poeten Alfred Tennyson, utgjeve i 1830. Tennysons skildring har påverka Jules Verne, som omtaler ein kjempeblekksprut i En verdensomseiling under havet, utgjeve i 1870. Tolkien brukte Kraken som inspirasjon for uhyret ved inngangen til Morias minner i (1954-1955). Kraken er òg eit blekksprutmonster som opptrer i dei amerikanske eventyrfilmane om Pirates of the Carribean.
Kraken er ikkje omtalt i dei norrøne sogene. Men tilsvarande dyr som lyngbakr og hafgufa er omtalt i Örvar-Odds saga og i Kongsspegelen frå ca. 1250. Teksten skildrar eit massivt sjøuhyre stort som ei øy. Dyret blir sjeldan sett, og teksten spekulerer i at det berre finst eitt eller to dyr i verda. Carl von Linne inkluderte Kraken i den første utgåva av Systema Naturae (1735), men i seinare utgåver er ikkje Kraken med.
Alfred Tennysons dikt The Kraken skildrar kraken som ligg på botnen av havet i ein evig, draumlaus svevn inntil Dommedag:
Kraken er eitt av ei rad sjøuhyre frå gamle myter, segn og eventyr. I gresk mytologi herskar for eksempel havguden Poseidon, som tilsvarer Neptun i romersk mytologi, over fleire lågare havguddommar og sjømonstre. Lista viser nokre havmonster frå ulike mytologiske tradisjonar: