Krattsongar | |
Krattsongar | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Scotocercidae |
Slekt: | Scotocerca |
Art: | Krattsongar S. inquieta |
Vitskapleg namn | |
Scotocerca inquieta Cretzschmar, 1827
|
Krattsongar (Scotocerca inquieta) er einaste arten i ein nyleg godtatt biologisk familie Scotocercidae i superfamilien Sylvioidea. Han er ein lys, sandfarga liten art som lever i ørkenaktige område med kratt i frå nordlegaste Afrika til sørvestlege Asia.
Dette er ein liten «songar», ca. 10 centimeter og 6-10 gram, litt større enn ein fuglekonge. Han har bleik sandfarga fjørdrakt, svart augestripe og mørke striper over krona. Også svakere striper frå strupen ned over brystet samt på nakke-skulder. Halen er tynn, litt flistete, oppreist og kan spreiast i vifteform. Fargetonen i drakta varierer litt over dei åtte underartane i det langstrekte utbreiingsområdet.
Han lever frå Mauritania i sørvest gjennom Vest-Sahara, dei nordlegaste afrikanske landa til Palestina og Den arabiske halvøya. Vidare austover i Asia såvidt inn i Kashmir og i nord aust for Kaspihavet i sørlegaste Kasakhstan. I det nordlegaste området i Sentral-Asia er han ein trekkfugl. I dette utbreiingsområdet finner krattsongaren habitat i åpne, tørre område med buskar eller gras, men aldri i landbruksområde. Dei kan hekke så høgt som 2600 moh. i Sinai.
Føda er insekt og anna leddyr som dei i hovudsak plukkar frå bakken. I nokre område kan dei ete frø vinterstid.
Birdlife International har klassifisert arten som livskraftig (LC), storleiken på populasjonen er ikkje estimert.[1]
Over ein lang periode var ornitologar usamde om den systematiske klassifiseringen av krattsongar, sist i Cettiidae før han blei sett i sin eigen familie Scotocercidae.