Kroken er eit sokn i Drangedal kommune sør i Telemark fylke med 1 144 innbyggjarar (2013). Kroken kyrkje blei vigsla som kapell i Drangedal sokn i 1910, men i 1988 fekk ho status som soknekyrkje då Kroken blei frådelt som eige sokn.[1]
Frå 1997 finst berre éin barneskule i soknet, Kroken skole, som ligg på Neslandsvatn, einaste tettstad og sentrum i bygda, snautt fire kilometer nord for kyrkja.
Nynorsk blei innført som liturgisk språk i Kroken kyrkje 1926[2], men i 2010 blei det vedteke at kyrkja skal vere språknøytral.[3] Skulane i bygda gjekk over frå nynorsk til bokmål i 1996.[4][5]