Krokusslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Sverdliljefamilien Iridaceae
Underfamilie: Crocoideae
Slekt: Krokusslekta Crocus
L., 1753

Krokusslekta (Crocus) er ei planteslekt i sverdliljefamilien. Krokus er ein staude som ofte vert rekna som ein løkplante, sjølv om overvintringsorganet eigentleg er ein knoll. Slekta er utbreidd med fleire enn 30 artar i Europa, Midtausten og Nord-Afrika. Dei er for det meste fjellplantar. Dei fleste krokus vert 10–20 cm, og dei finst i mange fargar frå kvite og gule til lilla og blå. Blomstringstidspunktet kjem an på sorten, men fell for det meste frå sist i februar til inn i april. For dei haustblomstrande fell blomstringa frå september til inn i november.

Bruk

Krokus er vanlege hageplantar, særleg vårkrokus (Crocus vernalis), ein av dei første blomsterplantane som dukkar opp ute om våren, og haustkrokus (Crocus speciosus). Krokus kan gro i alle veldrenerte jordtypar, og er brukelege nesten overalt i blomsterbed, grasplenar eller i potter innandørs. Leggedjupna er 5–10 cm. Både ville artar og dyrka sortar formeirar seg villig ved frø og yngleknollar, men dei skal helst ligge urøyvde i jorda i 3-4 år. For produksjon av krydderet safran dyrkar ein safrankrokus (Crocus sativus).

Artar

Det finst ei rekkje artar i krokusslekta. Registrerte i norsk natur er:[1][2]

Andre artar dyrka i Noreg:

Galleri

Kjelder

  1. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 208–209, 1164. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre krokusslekta». Artsdatabanken. Henta 4. mars 2023. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 «Fremmedartslista 2023». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 11. februar 2024. 


Bakgrunnsstoff