Krukke (norrønt krukka, frå lågtysk eller gammalengelsk) er typisk eit sylinderforma kar av leire, porselen, glas og anna. Dei kan ha løftehankar (øyre) i sidene eller lok. Krukker blir særleg brukt til lagring av mat og drikke som syltetøy, rømme, krydder, pasta og vatn.
Krukker har også andre bruksområde, til dømes som blåseinstrument (jug) eller rytmeinstrument (t.d. ghatam). Dei speler ei rolle i fleire hinduritual og -tradisjonar, som dansen garba.
Allereie i romersk jernalder blei det produsert keramikkkrukker av høg kvalitet i Norden.[1] I perioden 1000–1600 ser det ikkje ut til å ha vore nokon keramikkproduksjon i Noreg. Først mot slutten av 1600-talet blei pottemakarfaget meir synlig, og utover på 1700-talet fann det stad ei stor oppblomstring med pottemakarar som slo seg ned både i byar og på landsbygda.[2]
På 1800-talet blei det utvikla glaskrukker som kunne forseglast hermetisk, slik at mat kunne lagrast svært lenge utan å rotna. Norgesglaset blei først produsert av Drammen Glassverk, og blei særs populært i Noreg på 1900-talet.
Litteratur
Opstad, Lauritz(1990): Norsk pottemakeri 1600-1900. Oslo. ISBN 82-521-3507-2