Kulde (mangel på varme) syner til tilhøve med eller subjektiv oppfatning av å ha låg temperatur.
Det kaldaste det teoretisk er mogeleg å oppnå er ein temperatur på absolutt null, òg kalla absolutt temperatur, som er 0 K på kelvinskalaen, ein termodynamisk temperaturskala, og −273.15 °C på celsiusskalaen.
Temperaturen er knytt til varmeenergi i ein lekam eller eit stoff, som igjen er den kinetiske energien til den tilfeldige rørsla til partiklane stoffet består av. Ein lekam har mindre varmeenergi om han er kald enn når han er varm. Om det var mogeleg å avkjøle eit system til absolutt null, ville alle partiklane stoffet består av ha stått i ro. Lekamen ville då hatt null varmeenergi. I skildringa i kvantemekanikk ville stoffet likevel hatt nullpunktsenergi, sjølv ved absolutt null, på grunn av uvisseprinsippet.
Pattedyr har ein endotermisk («varmblodig») fysiologi. Dei har derfor ei oppfatning av varmetrivsel som er sentrert kring kroppstemperaturen. Varmetrivselen er avhengig av stoffskiftet og miljøet omkring dei, og vert påverka av varmeleiing, konveksjon, stråling og varmetap ved fordamping. Varmetrivselen vert opprethalden når varmen skapt av stoffskiftet får lov å forsvinne, slik at ein opprettheld termisk likevekt med omgjevnadane. Når likevekta ikkje vert opprettheldt på grunn av stort varmetap, vil ein få kjensla av å vere for kald.
Kjøling syner til prosessen med å verte kald, eller å redusere temperaturen. Dette kan ein oppnå ved å fjerne varme frå eit system, eller utsette systemet for eit miljø med lågare temperatur.
Væsker nytta il å kjøle ned lekamar vert ofte kalla kjølevæsker.
Luftkjøling er prosessen med å avkjøle ein lekam med å utsette han for luft. Dette vil berre fungere om lufta har lågare temperatur enn lekamen, og prosessen kan forsterkast ved å auke overflatearealet eller senke massen til lekamen.
Ein annan vanleg metode å kjøle ned ein lekam på er å utsette han for is, tørris eller flytande nitrogen. Dette fungerer ved konveksjon der varmen vert overført frå den relative varme lekamen til den relative kalde kjølemiddelet.
Laserkjøling og magnetisk fordampingskjøling er teknikkar som vert nytta for å nå særs låge temperaturar.