Kumbh Mela i Nashik i 1989.
Kumbh Mela i Prayag (Allahabad) i 2001

Kumbh mela ('krukkefesten') er ei syklisk hinduhøgtid som finn stad kvart tredje år på særskilde stader. Det er eitt av dei største valfartsmåla i hinduismen, og den folkerikaste valfarta i verda. Høgtida markerer den mytologiske kjerninga av Mjølkehavet og nektaren som skal ha falle ned på jorda dei fire stadene ein markerer henne.

Ulike former for kumbh mela finn stad kvart fjerde år. Ardh (halve) kumbh mela blir feira i Haridwar og Prayag i Allahabad kvart sjette år, purna (heile) kumbh mela kvart tolvte år på ein av fire stader (Prayag, Haridwar, Ujjain og Nashik). Maha (store) kumbh mela i Allahabad finn stad etter 12 heile, det vil seie kvart 144. år. Siste gong dette hende var i 2001. Rundt 60 millionar menneske deltok i det som blei den største menneskesamlinga som er kjend.

Komande kumbh melaer

Sjå og

Kjelder

Bakgrunnsstoff