Kurdistan-provinsen | |||
استان کردستان | |||
Provins | |||
Land | Iran | ||
---|---|---|---|
Region | Region 3 | ||
Fylke | 10 | ||
Hovudstad | Sanandaj | ||
Areal | 29 137 km² | ||
Folketal | 1 603 011 (2016)[1] | ||
Folketettleik | 55 / km² | ||
Tidssone | IRST (UTC+03:30) | ||
- Sommartid | IRST (UTC+04:30) | ||
Språk | persisk (offisielt) lokale språk: kurdisk aserbajdsjansk[2][3][4][5] | ||
Kurdistan-provinsen 35°43′40″N 46°58′01″E / 35.727777777778°N 46.966944444444°E | |||
Wikimedia Commons: Kurdistan Province |
Kurdistan-provinsen farsi استان کردستان) er ein av 31 provinsar i Iran, og må ikkje forvekslast med det større, uoffisielle geografiske området Iransk Kurdistan. Provinsen Kurdistan dekkjer eit areal på 28 817 km², som berre utgjer ein fjerdedel av dei kurdisk busette områda i Iran eller Iransk Kurdistan. Han ligg vest i Iran, i Region 3, og grensar til Irak i vest, provinsen Vest-Aserbajdsjan i nord, Zanjan i nordaust, Hamedan i aust og Kermanshah i sør.[6] Provinshovudstaden i Kurdistan-provinsen er byen Sanandaj (kurdisk Sinne). Andre store byar er Marivan, Baneh, Saqqez, Qorveh, Piranshahr, Bijar, Kamyaran, Dehgolan, Diwandarreh og Sarvabad.
Kurdistan-provinsen er eit fjellendt område som topografisk kan delast inn i ein vestleg og ein austleg del i Sanandaj. Kurdistan har mange elvar, innsjøar, isbrear og grotter som følgje av fjella og landskapet har alltid tiltrekt seg mange turistar, inkludert fjellklatrarar og skigåarar.
Elva Zarrineh er 302 km lang og ei av dei lengste elvane i provinsen. Ho munnar til slutt ut i Urmiasjøen. Sirvan (eller Diayal) er ei anna stor elv i provinsen, som til slutt munnar ut i Tigris i Irak.
Zarivar er ein innsjø som ligg ved foten av høge fjell, omgjeve av tjukke skogar.
Kurdistan-provinsen har fleire mineralkjelder, som Govaz nordvest for Kamyaran, Abetalkh nær Bijar og Baba Gorgor nord for Qorveh.
Kereftoo-grotta, nær Divandarreh er både ei unik naturlg grotte og ein arkeologisk stad. Inne i grotta er det fleire oldtidsbygg kalla Heraklios-tempelet, etter den greske guden som er hogd ut i taket i ein av hallane. Shoovi-grotta er 267 meter lang og ligg nær byen Baneh.
Charkhaln er med ei høgd på 3 330 moh det høgaste fjellet i provinsen. Andre høge fjell er Chehelcheshmeh, 3 173 moh, Hossein Bak, 3 091 moh og Masjede Mirza, 3 059 m.
Kurdistan-provinsen er ein av dei mest fjellendte regionane i Iran og har eit generelt mildt og behageleg klima gjennom våren og sommaren. Vintrane er lange og kan vere særs kalde med tungt snøfall.
Hovudstad |
| |
---|---|---|
Fylke og byar | ||
Turistmål |
|