Kvam herad | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Adm.senter | Norheimsund | ||
Areal | 617 km² | ||
- land | 582 km² | ||
- vatn | 35 km² | ||
Folketal | 8 496 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Torgeir Næss (Ap) | ||
Kommunenr. | 4622 | ||
Kvam herad 60°22′12″N 6°08′38″E / 60.37°N 6.1438888888889°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Kvam | |||
Nettstad: www.kvam.kommune.no | |||
Kvam herad er ein kommune i Hardanger i Vestland fylke. Kommunen grensar i nord mot Vaksdal, i nord og aust mot Voss i sør mot Kvinnherad, og i vest mot Bjørnafjorden og Samnanger. I aust ligg Hardangerfjorden og på austsida av fjorden ligg Ullensvang.
Kvam ligg om lag ein times køyring frå Bergen. Kommunen har tre tettstadar: Norheimsund, Øystese og Ålvik og mange mindre bygder, mellom anna Strandebarm, Fykse, Innstranda, Mundheim, Omastrand, Steinsdalen, Tørvikbygd og Vikøy. Fjellplatået mot Bergen vert kalla Kvamskogen og er ein populær utfartsstad for bergensarar og andre hordalendingar. På Kvamskogen er det kring 1500 hytter, 16 skitrekk og 50 km langrennsløyper.
Kvam er ein av dei få kommunane i landet som nyttar nemninga «herad» i staden for «kommune». Ein person som kjem frå Kvam herad vert gjerne kalla ein kvemming.
Namnet «Kvam» kjem av gamalnorsk Hvammr, som tyder '(liten) dal'. Truleg gjeld dette Steinsdalen som strekkjer seg vestover frå Norheimsund. Vikøy kyrkjesogn vart til Vigør herred 1. januar 1838, omdøypt til Kvam Herad i 1912. 1. januar 1882 vart garden Kjepso flytt til Kvam frå Ullensvang, og delar av Strandebarm vart lagt til 1. januar 1965.
År | 1769 | 1801 | 1815 | 1825 | 1835 | 1845 | 1855 | 1865 | 1875 | 1890 | 1900 |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Innbyggjartal | 2.507 | 2.929 | 3.049 | 3.437 | 3.912 | 4.246 | 4.558 | 5.002 | 5.360 | 5.642 | 5.977 |
År | 1910 | 1920 | 1930 | 1946 | 1950 | 1960 | 1970 | 1980 | 1990 | 2001 | 2006 |
innbyggjartal | 5.961 | 6.434 | 6.628 | 7.699 | 7.952 | 8.939 | 8.839 | 8.752 | 8.700 | 8.511 | 8.306 |
Tusenårsstaden i Hordaland, kunsthuset Kabuso, ligg i Øystese
Kommunestyret har 27 representantar. I perioden 2019-2023 er åtte parti representerte:[1]
Torgeir Næss (Ap) er ordførar i perioden.
Dei største arbeidsplassane i Kvam er smelteverket Elkem Bjølvefossen og skipsverftet Fjellstrand. Dernest fins ei lang rekkje av mekaniske verkstadar, transport- anlegg- og bygningsverksemder, møbelindustri og reiseliv. Jordbruk, skogbruk og fruktdyrking, fiske og fiskeoppdrett er og framleis viktige næringsvegar i Kvam.