Kyrkjemusikk er musikk som vert nytta i gudstenesta. I vidare forstand vert omgrepet òg nytta om musikk til alminneleg kyrkjeleg bruk, ikkje berre til gudstenestebruk. Kyrkjemusikken samlar eit andeleg og eit musikalsk siktemål. Kyrkjemusikken tolkar og formidlar kristen tru. Den er kyrkjelyden sitt felles svar på Guds tale til menneska, støttar og gir næring til det andelege livet i kyrkjelyden.
Kyrkja er ein stad der ein syng og spelar for den treeinige Gud. Kyrkjemusikken kjem til uttrykk på ulike måtar: i gudstenester og kyrkjelege handlingar, i kor og konsertar, i heimen og i ulik pedagogisk verksemd.
Kyrkjemusikk kan delast inn i to hovudgrupper:
Dei viktigaste formene er hymne, kantate, koral, motett, messe, oratorium, pasjon, rekviem og lovsong.
Nokre viktige former er bryllupsmarsj, interludium, preludium, postludium, sørgemarsj.
Her finn vi omgrep som gregoriansk song og kyrkjetoneartar. Inntil renessansen skreiv komponistane nesten berre kyrkjemusikk. I Noreg finst døme på musikk frå mellomalderen i Olavsmusikken.
Johann Sebastian Bach, Dietrich Buxtehude, Georg Friedrich Händel, Girolamo Frescobaldi, og Palestrina er nokre av dei mest kjente komponistane. Men òg dei store komponistane av klassisk musikk skreiv kyrkjemusikk.
Av norske kyrkjemusikarar kan ein nemne Ludvig Mathias Lindeman, Ludvig Nielsen, Arild Sandvold, Knut Nystedt, Egil Hovland, Bjarne Sløgedal og Eilert Hægeland.