Avmerking av midtskipet i ein kyrkjeplan.Midtskipet i Køln domkyrkje er det lengste i Tyskland.
Foto: Thomas Robbin
Kyrkjeskip viser til rommet kyrkjelyden sit i i ei kyrkje. Ei kyrkje, domkyrkje eller eit klosterbygg kan ha eitt eller fleire slike skip.
Utforminga av rommet kan vera spesifisert meir nøyaktig:
Hovudskip: Det sentrale og største av fleire parallelle skip, eller det som går i lengderetninga i ei kyrkje med tverrskip.
Langskip: Eit langstrekt kyrkjeskip; langskipet kan vere hovudskipet i kyrkja eller det kan vere det lengste skipet i ei krosskyrkje.
Midtskip: Det sentrale skipet, som ikkje nødvendigvis er større enn dei andre. Kan også visa til dei tre midtre i ei kyrkje med fem skip.
Sideskip: Dei ytste skipa i ei fleirskipa kyrkje.
Tverrskip: Eit skip som går på tvers av hovudskipet; også kalla transept eller sidearmar.
Kyrkjeskip kan også visa til ein skipsmodell som er hengt opp i ei kyrkje. I Nord-Europa, og særleg i Skandinavia, har slike skip vore særs vanlege, og finst framleis i mange kyrkjer.
Ordsoge
I norsk har vi ordet kyrkjeskip som ei omsetjing av mellomalderlatinnavis som tyder «skip»; den latinske bruken av ordet navis kan skyldast ei samanblanding mellom gresk ναός (jonisk νηός) som tyder «tempelrom» og tilsvarande språks ναύς (νηύς) som tyder «skip».
Kjelder
Falk og Torp (1906): Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog