Labradorte (engelsk Labrador tea) viser til ein nordamerikansk urtete eller smaksetjar og tre nærskylde rhododendronplantar som blir brukt til å laga han.
Dei tre artane ein bruker til labradorte er
Alle tre er låge, seintveksande og vintergrøne plantar som hovudsakleg veks i boreale våtmarksområde. Dei har lêraktige blad som er mørkegrøne på oversida og krøller seg litt nedover i kantane. Undersida er dekt av kvite hår.[1]
Blada av labradorte blir ofte brukt som drikke. Dei kan plukkast om våren og tørkast. Fordi plantane veks seint, plukker ein gjerne blada enkeltvis annakvart år frå ulike plantar.[1] Blad og greiner kan også brukast til å smaksetja kjøt ved at ein legg kjøtet til bløyt i avkoket.[1] Fleire ulike talarar av athabaskiske språk og inuittar har brukt labradorte. Bruken av labradorte er også dokumentert blant til dømes yuroktalande folk.[2]
På 1700-talet brukte tyske bryggarar R. tomentosum i ølbrygging. Verknaden skal ha vore å gje ølet meir effekt, men tilsetninga blei forboden fordi ein meinte ho førte til meir aggresjon.[1]
Labradorte inneheld ledol, som kan vera giftig. Dei ulike slaga og vekstar på ulike stader kan ha forskjellig ledolinnhald. R. groenlandicum har det lågaste innhalde. Som annan rhododendron inneheld dei også grayanotoksin, eit giftstoff som kan vera farleg for menneske og som har ført til dødsfall blant bufe.[1]