Labyrinth Studioalbum av Ian Carr with Nucleus | ||
Utgjeve | 1973 | |
Innspelt | Mars 1973 | |
Studio | Phonogram Studios | |
Sjanger | Jazzrock | |
Selskap | Vertigo | |
Produsent | Peter King | |
Nucleus-kronologi | ||
---|---|---|
Solar Plexus (1971) |
Labyrinth | Roots (1973)
|
Labyrinth er det fjerde studioalbumet til den britiske jazzfusiongruppa Nucleus, gjeve ut i 1973 under namnet «Ian Carr with Nucleus».
Musikken på albumet vart tinga av The Park Lane Group med mildar frå The Arts Council og først framført i Queen Elizabeth Hall i London. Inspirasjonen for verket var segna om Minotauren.
Albumet var det første Nucleus-albumet utan dei opphavlege medlemmane Karl Jenkins, Jeff Clyne, John Marshall og Chris Spedding.
Spedding var blitt erstatta av Allan Holdsworth på gitar for soloalbumet som Ian Carr gav ut i 1972, Belladonna, men Holdsworth slutta før innspelinga av dette albumet og Carr valde å ikkje hente inn ein ny gitarist.
Albumet vart spelt inn i Phonogram Studios i mars 1973.
Alle songar er skrivne av Ian Carr, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Origins» | 2:56 | |
2. | «Bull Dance» | 8:17 | |
3. | «Ariadne» | Ian Carr, Sandy Carr | 7:47 |
4. | «Arena Part 1» | 1:42 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
5. | «Arena Part 2» | 5:13 |
6. | «Exultation» | 6:01 |
7. | «Naxos» | 12:17 |