Det er føreslått at denne sida blir flytta til laiv. (Sjå eventuelt diskusjon)
Storturnering
Ei gruppe svenske laiv-folk Musikanternas Kamp (2006)

Laiv eller levande rollespel er eit kulturfenomen der ei gruppe menneske kjem saman for å spele roller i ein tenkt røyndom. Dei som er med spelar for seg sjølv og kvarandre. Formålet er vanlegvis moro, spenning og avkopling, men laiv kan også brukast til sjølvutvikling eller læring. Ofte, men ikkje alltid, er det ei gruppe laivarrangørar som tek initiativ til spelet, skriv rollebakgrunnar og anna bakgrunnsmateriale, og spikrar rammene for spelet.

Mykje av handlinga er improvisert og blir til gjennom fritt samspel mellom rollene. Der kan også vere element som er planlagt på førehand av spelarar eller arrangørar. Laiv skil seg vanlegvis frå teater ved at det ikkje finst tilskodarar. Laiv er rollespel der ein fysisk spelar den rolla ein har, i motsetnad til tradisjonelle RPG-spel, der ein ofte sit rundt eit bord og snakkar ut handlinga. Eit laiv-rollespel kan gå over fleire dagar, der deltakarane heile tida spelar rolla si.

Ordbruk og definisjonar

Ordsoge

Ordet laiv er ei norsk skriveform av ordet live i det engelske live action role-playing game. Eit synonym som også har vore i bruk, er Simulering eller Sim. Orda LARP, LRP og live vert og nytta, men i mindre omfang.

Definisjonar

Laiv er ein mangslungen aktivitet, og der finst ingen fast definisjon som alle er samd i. I boka Levende rollespill - LAIV av Hanne Grasmo vert laiv-rollespel definert som «førebudd og planlagd improvisasjonsteater som søkjer å levandegjere eit fantasisamfunn over ein kortare periode (nokre timar til seks dagar). Samfunnet skal verke ekte, både fysisk, psykisk, mytisk og sosialt. Det er ingen tilskodarar og alle deltakarane får på førehand tildelt ei rolle (berre ein bakgrunn, ikkje manus) som dei skal gå inn i og leve i så lenge spelet varer.»

Somme omgrep

Historie

Utviklinga av laiv internasjonalt

Laiv skal ha oppstode fleire ulike stader utan at aktørane var merksame på at andre dreiv med det same. I USA vart dei fyrste laivgruppene truleg danna på slutten av 1970-talet. Den eldste kjente er Dagorhir, som vart skipa i 1977. I Storbritannia vart laiven Treasure Trap laga i 1982. Laivrøyrsla spring ikkje ut av ei bestemt kjelde, men har henta inspirasjon frå ein god del kjelder; som barneleik, ulike friteatertradisjonar og bordrollespel.

Utviklinga av laiv i Noreg

Laiv i Noreg skal ha byrja i Trøndelag og Oslo-området på om lag same tid, rundt 1989. Liknande aktivitetar kan ha gått føre seg før dette.

I Oslo byrja levande rollespel som ein rein leik mellom nokre vener som alle hadde bakgrunn med speiding, og åtte interesse for fantasy-litteratur. Desse skipa Ravn (laivorganisasjonen) i 1990, og heldt den første sommarlaiven sin dette året. Dei skifta mellom to vekelange laivar i året, ein sommarlaiv som gjekk føre seg i ein verd dei sjølve utvikla, Ravnariket, og meir historisk orienterte vinterlaivar. Desse fekk med tida namn etter hovudemnet: Keltarlaiven, Skuggelaiven og slik bortetter.

Utover på 1990-talet kom det fleire nye grupper til, frå ulike kantar av landet, og rollespelmiljøet voks. Dei eldste og mest røynde stilte med tida opp som rådgjevarar og spesialeffektmakarar, og laivane vart meir spesialiserte. No kunne ein reise på samtidslaiv, mafialaiv, western-laiv, krigslaiv og mykje anna. Det vart og skipa Lagnadslaiv, Moirais vev, der spelet var planlagt på førehand, motsett den vanlege laiven, der spelarane forma rolla si og førte handlinga dit dei sjølve ville. Det vart oppretta eit godt kontaktnett mellom dei ulike gruppene, og eit diskusjonsforum: LaivForum.net. Her vart alle sider av laiv-faget drøfta, og nye idear prøvde ut. I dag er laiv-rørsla inne i andre generasjon, og er framleis eit tilbod for tenåringar og leikelystne vaksne.

På 2000-talet har laiv primært retta mot barn vorte meir vanleg.

Laivteori

Det er i lita grad utført akademisk forsking på laiv, men det finst likevel mykje teori skrive av aktive laivarar. Tekstane er i hovudsak publisert på nettbaserte diskusjonsfora men òg på private nettsider. I samband med den nordiske laivkonferansen Knutepunkt har det ved fleire høve blitt gjeve ut ei samling laivteoretiske tekstar i form av ei bok eller eit hefte, på norsk kalla «Knuteboka». Nokre av desse finst i elektronisk versjon (sjå litteraturliste under).

Akademisk arbeid

Geir-Tore Brenne leverte i 2005 ei hovudfagsoppgåve ved Institutt for Sosiologi og samfunnsgeografi, Det samfunnsvitenskapelige fakultet, Universitetet i Oslo, med tittel «Making and maintaining frames - A study of metacommunication in laiv play». Oppgåva er tilgjengeleg på nett.[1]

Nokre døme på norsk laivteori

Knutepunkt

Kvart år vert det halde ein kongress om laiv og rollespel. Denne kongressen vert kalla Knutepunkt og går på omgang mellom Noreg, Sverige, Finland og Danmark. Deltakarane er frå mange ulike land, mellom anna Kviterussland, Polen, Tyskland, USA, Storbritannia og Israel, i tillegg til alle dei nordiske landa.

Ulike grupperingar og aktørar i Noreg

Store internasjonale spel

Døme på store årlege internasjonale laivar er ConQuest of Mythodea og Drachenfest i Tyskland samt The Gathering på Dei Britiske øyane.

Nærskylde aktivitetar

Mange rollespelarar har vore leigd inn til framføring i høve premierar på Harry Potter-filmar, eller Ringdrotten-filmane, eller Star Wars. Det er rekna med at dei røynde rollespelarane kan skaffe rett kostyme til rett høve.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Nettsider

Viktige ressursar:

Nettsidene til laivgrupper og andre aktørar i Noreg:

Laiv i Media:

Utanlandske nettsider:

Litteratur