Landsgymnas er ei tidlegare skuleform i Noreg. Skulane var i hovudsak internatskular som frå byrjinga var privatskoler, og som var bygd og drive for å gje gymnasutdanning til bygdeungdom.
Landsgymnasa eksisterte frå 1916 til 1964, og det var i alt 12 landsgymnas i Noreg: Volda, Voss, Hornnes, Eidsvoll, Firda, Orkdal, Bryne, Steinkjer, Vinstra, Finnfjordbotn, Bø og Alta.
På slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet var det sterke krefter både i byane og på landsbygda som arbeidde for folkedanning.[1] Den norske almenta kunne lese, og mange også skrive allereie frå slutten av 1700-talet.[2][3] Sosial utjamning var eit viktig mål for skulefolket, men også målsaka var sentral i debatten på denne tida.[4]
Dei fyrste offentlege landsgymnasa var Voss, Eidsvoll og Hornnes. Vitnemåla synte at skulane på bygdene kunne måle seg med byane. Etter eit tilbakeslag under andre verdskrigen fekk landsgymnasa ein gullalder der staten dekte drifta ved alle skulane.
I 1964 vart 9-årig grunnskule innført og landsgymnasa, som var fireårige, gjekk over til å verte treårige gymnas. Siste opptak for fireårig gymnas var i 1967 - med opptaksprøver der folkeskulepensumet vart lagt som grunnlag.