Osebergskipet er eit døme på ein karve.

Langskip er ei samlenemning på skip som i hovudsak vert rodd, og som er mykje lengre enn dei er breie. Langskip har vore nytta av fleire ulike folkeslag.

Nokre typar langskip

Norrøne langskip

Dei norrøne langskipa var under vikingtida store opne båtar med klinkbygd skrog, som regel av eik, kraftig grunn kjøl, ofte høge stamnar (særleg forut), mange årepar, sideror i bakstamnen, mast midtskips, rektangulært segl og faste tofter over dekk. Dette var typiske skip som gjekk lett i sjøen og hadde lange smekre linjer.

Bakgrunnsstoff