Ein bit av tunellsystemet til LHC
Kart over plasseringa til LHC (grøn ring)

Large Hadron Collider, forkorta LHC, er verda sin største og kraftigaste partikkelakselerator bygd av CERN.[1] LHC ligg rundt 100 meter under jorda nær Genève. Forskarar vil med LHC freista å gjenskapa forholda like etter Big Bang ved hjelp kolliderande hadron (her i form av proton og blyion heilt utan elektron[2]). Partiklane blir akselererte ved hjelp av superleiande magnetar.[1]

Den første partikkelstrålen fullførte 10. september 2008 ein runde gjennom dei 27 kilometrane med røyr som utgjer akseleratoren.[3]

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Large Hadron Collider

Kjelder

  1. 1,0 1,1 «How the LHC works» - info frå heimesida til CERN.
  2. «CERN FAQ - LHC the guide» - PDF-dokument med info om LHC frå CERN.
  3. «First beam in the LHC - accelerating science» Arkivert 2009-01-06 ved Wayback Machine. - pressemelding frå CERN