Teikning av den italienske legen Laura Bassi med ein laurbærkrans på hovudet.

Laura er eit kvinnenamn, ei kortform av det latinske namnet Laurentia som tyder (kvinne) 'frå Laurentum', eller ei hokjønnsform av Laurus, 'laurbær'.

Laura har i Noreg namnedag 15. januar.

Den italienske diktaren Petrarca skreiv ei rekkje kjærleiksdikt til ei ukjend kvinne kalla Laura.

Bruk

Namnetrekket til den amerikanske førstedama Laura Bush.
Den amerikanske økonomiprofessoren Laura Tyson.
Foto: World Economic Forum

Laura har lenge vore kjend som eit italiensk namn. Det er mykje brukt i Spania, Finland og Italia, og er ellers vanleg i Chile, USA, Danmark, Frankrike og Belgia.

Bruken av Laura hadde ein topp i USA rundt 1880, då over 1,0 % jentebarn fekk namnet, og ein endå større topp på slutten av 1960-talet. Bruken av namnet har gått nedover sidan 1985.

Bruken av namnet i Noreg

Namnet var mykje bruka ved førre hundreårsskifte, men bruke nav namnet har gått jamnt attende.

Kjende namneberarar

Den italienske songaren Laura Pausini.

Kjelder