Legacy Studioalbum av Poco | ||
Utgjeve | 23. september 1989 | |
Studio | Capitol Studios, Hollywood; Ocean Way Studios, Los Angeles; Studio 55, Los Angeles; mixed at Lion Share, Los Angeles | |
Sjanger | Countryrock | |
Lengd | 43:22 | |
Selskap | RCA | |
Produsent | David Cole (utanom «Nothin’ to Hide» av Richard Marx) | |
Poco-kronologi | ||
---|---|---|
Inamorata (1984) |
Legacy | Running Horse (2002)
|
Legacy er det 17. studioalbumet til det amerikanske countryrockbandet Poco, gjeve ut i 1989. Albumet samla dei fem originale medlemmane i gruppa (frå debutalbumet Pickin' Up the Pieces) og inneheld to topp 40-singlar, «Call It Love» og «Nothin' to Hide».
Legacy var det andre albumet til Poco som selde til gullplate.
Etter ein lengre pause frå studio, dukka bandet opp att, etter oppfordring frå Richard Marx og manageren hans Allen Kovac, som no tok over Poco, på RCA med det suksessrike Legacy (1989), med dei originale medlemmane Young, Furay, Messina, Grantham og Meisner, tjue år etter debutplata til Poco. Sjølv om Timothy B. Schmit og Paul Cotton òg vart spurte om å bli med på prosjektet, avslo Schmit, medan Cotton, som var oppteken med solokarrieren sin, vart kjøpt ut av gruppa og det enda opp med å bli berre dei fem originale musikarane. Albumet gav dei ein topp 20-hit, «Call It Love», hausten 1989, og ein ny topp 40-hit, «Nothing to Hide», tidleg i 1990, som gav Poco det andre gullalbumet deira. Dette var det 19. albumet deira totalt.
Gruppa fekk inn ein ny klaverspelar, Dave Vanacore, og turnerte tidleg i 1990 som oppvarmingsartist for Marx. Furay, som no var blitt prest i ei kyrkje i Colorado, måtte så trekkje seg på grunn av pliktene sine, og Poco turnerte sommaren 1990 med Jack Sundrud attende som rytmegitarist for Furay.
Trass gullplata og to hitsinglar, klarte uheldigvis ikkje gruppa å tene mykje pengar på turneen i 1990. Eit av problema var at dei var hyra inn til å spele på militærbasar, som viste seg å vere stort sett tomme, fordi soldatane var blitt sende til Persiabukta og Gulfkrigen. RCA enda opp med å droppe dei frå stallen sin og innspelinga for ein oppfølgjar til Legacy vart skrinlagd.
I 1991 turnerte Poco som ein akustisk trio med Young, Messina og Meisner (trommeslagaren Gary Mallaber vart med dei for nokre konsertar i Japan i juli). Mot slutten av 1991 hadde Messina og Meisner slutta for å satse på dei individuelle karrierane sine.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Encyclopedia of Popular Music | [2] |
Allmusic skreiv om albumet: «Synginga er upåklageleg, spelinga er fantastisk - kanskje litt for bra - og i motsetnad til mange sameiningsprosjekt av dette slaget er songane så gode som nokon dei nokon gong spelte inn. Den einaste feilen, om ein kan kalla det for det, er den moderne stilen og produksjonen. Spelinga er høglydt og presis, og ofte vakker, men stundom òg mekanisk og sjellaus samanlikna med dei eldre innspelingane deira. Den særs lidenskapelege synginga veg i stor grad opp for dette.»[1]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «When It All Began» | Steve Pasch, Anthony M. Krizan,Richie Furay, Scott Sellen | 3:36 |
2. | «Call It Love» | Ron Gilbeau, Billy Crain, Rick Lonow | 4:17 |
3. | «The Nature of Love» | Jeff Silbar, Tommy Stephenson | 4:03 |
4. | «What Do People Know» | Rusty Young | 3:52 |
5. | «Follow Your Dreams» | Messina | 2:56 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Rough Edges» | Young, Radney Foster, Bill Lloyd | 3:08 |
7. | «Nothin’ to Hide» | Richard Marx, Bruce Gaitsch | 5:12 |
8. | «Who Else» | Young, Mike Noble | 4:01 |
9. | «Lovin’ You Every Minute» | Messina, Michael Brady | 3:10 |
10. | «If It Wasn’t for You» | Furay, Scott Sellen | 4:16 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «When It All Began» | Steve Pasch, Anthony M. Krizan, Richie Furay, Scott Sellen | 3:36 |
2. | «Call It Love» | Ron Gilbeau, Billy Crain, Rick Lonow | 4:17 |
3. | «The Nature of Love» | Jeff Silbar, Van Stephenson | 4:03 |
4. | «What Do People Know» | Rusty Young | 3:52 |
5. | «Nothin’ to Hide» | Richard Marx, Bruce Gaitsch | 5:12 |
6. | «Look Within» | Messina | 5:03 |
7. | «Rough Edges» | Young, Radney Foster, Bill Lloyd | 3:08 |
8. | «Who Else» | Young, Mike Noble | 4:01 |
9. | «Lovin’ You Every Minute» | Messina, Michael Brady | 3:10 |
10. | «If It Wasn’t for You» | Furay, Scott Sellen | 4:16 |
11. | «Follow Your Dreams» | Messina | 2:56 |
| |
Album | |
Konsertalbum |
|
Samlealbum |
|
Kjende songar |
|
Tilknytte artiklar |
|