Legs Singel av ZZ Top frå albumet Eliminator | ||
B-side |
«A Fool for Your Stockings» | |
---|---|---|
Utgjeve | 1984 | |
Innspelt | 1982 | |
Sjanger | ||
Lengd |
| |
Selskap | Warner Bros. | |
Komponist | Billy Gibbons, Dusty Hill, Frank Beard | |
Låtskrivar(ar) | ||
Produsent | Bill Ham | |
ZZ Top-kronologi | ||
«TV Dinners» (1983) |
Legs | «Sleeping Bag» (1985)
|
«Legs» er ein song av bandet ZZ Top frå 1983 på albumet Eliminator. Songen kom ut på singel i 1984 og nådde då åttandeplassen på Billboard Hot 100 i USA. Dance mix-versjonen av songen nådde 13. plassen på dance-lista i USA.[3]
Alle dei tre medlemmane av ZZ Top står oppført som musikarar på innspelinga, men det var i røynda berre Gibbons som spelte. Lydteknikaren Terry Manning stod for resten av musikken utanom sologitaren.[4]
Singelmiksen av «Legs» er meir synthesizer-driven enn albumversjonen. Sjølv om ein kan høyre synthesizeren på albumversjonen òg, er han tona ned.
Musikkvideoen til «Legs» var den tredje og siste i Eliminator-serien av videoar der bandet nytta Ford-modellen frå 1933,[5] og «Eliminator-jenter». Alle dei tre musikkvideoane var regisserte av Tim Newman. Videoen vann MTV-prisen for årets beste gruppevideo i 1984.[6] Dette var det første året prisen vart gjeven ut.
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|