Ein mogleg struktur for eit ligninmolekyl

Lignin er fellesnamnet på ei gruppe kompliserte kjeder av aromatiske alkoholar som er del av celleveggane til plantar. Sambandet er eit av dei mest vanlege organiske sambanda som finst i naturen. Lignin høyrer til gruppa polysykliske biopolymerar.

Eigenskapar

Lignin bidreg til å gje tre den mekaniske styrken sin. Til forskjell frå cellulose som er ein lang rettkjeda polymer, som dannar krystallstrukturar, er ligninet amorft og kraftig forgreina. Lignin dannar kovalente bindingar til polysakkarida til veden og kan kryssbinda desse. Ein kan samanlikna tre med eit komposittmateriale, der cellulosen fungerer som forsterkande fibrar, og ligninet er eit fleksibelt bindemiddel.

Lignin er bygd opp av tre monomerar: P-kumarylalkohol, koniferylalkohol og sinapylalkohol. Monomerane i lignin er samanbunde av ulike typar eter- og karbon-karbonbindingar, som er tilfeldig fordelte. Lignin dannar også talrike kovalente bindinger (eterar og estarar) med polysakkarid, særleg til hemicellulose.

Økologi

I dyreriket er det berre insekt som, ved hjelp av bakteriar, kan gjera seg nytte av lignin.[1] Nokre soppar, mellom anna mange kjuker, kan også bryta ned lignin, og dannar «kvitrote».

Papir- og celluloseindustri

Lignin har ein negativ påverknad på papirkvalitet. Ved kjemisk masseframstilling må ein løysa ut ligninet gjennom koking med sulfid i sulfatprosessen eller sulfitt i sulfittprosessen. Bleiking oksiderer vekk dei siste restane av lignin. Lignin er uløyseleg i vatn og kan vinnast ut av svartlut, høvesvis brunlut.

Ved produksjon av mekanisk masse blir ikkje ligninet løyst ut og ein får eitt høgare utbytte, men papiret blir av lågare kvalitet. Sollys gulnar lignin og er årsaka til at t.d. avispapir, som blir laga av mekanisk masse, gulnar.

Kjelder

  1. Ernæringslære Landsforeningen for kosthold og helse 1998, 4. utg ISBN 82-7047-071-6

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Lignin