| |||
Fylke | Agder | ||
---|---|---|---|
Kommune | Arendal | ||
Funksjon | Kystfyr | ||
Oppretta | 1844 | ||
Koordinatar | 58°24.6530′N 8°47.6222′E / 58.4108833°N 8.7937033°E | ||
Fyrtårn | |||
Høgd | 6,0* | ||
Form | Lyktehus på stativ* | ||
Fyrlys | |||
Lyskarakter | To okkulerande glimt per 8. sek.* | ||
Lyshøgd | 9,0* moh. | ||
Lysvidde | 6,5* nm | ||
Status | |||
Eigar | Staten | ||
Nedlagt | 1914 | ||
Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne | ||
Lille Torungen fyrstasjon 58°24′43″N 8°47′30″E / 58.412°N 8.79176°E | |||
* Gjeld nyare fyrlykt. |
Lille Torungen fyrstasjon er eit fyr som ligg på ei lita øy utanfor innløpet til Galtesund i Arendal kommune i Agder.
Fyret er eit kystfyr som vart bygd i 1844 samstundes med Store Torungen fyrstasjon som tvillingfyr. Lille Torungen vart nedlagt i 1914, då det vart erstatta av ei lita fyrlykt og det vart bygd nytt tårn på Store Torungen.
Lille Torungen har det høgaste fyrtårnet i teglstein på 28,9 meter. Fyrstasjonen inneheld i tillegg til tegltårnet ein oljebod, tufter etter bustader, uthus, naust og landing, samt spor etter fleire hagar.
Lille Torungen fyr er eigd av Staten og er freda etter lov om kulturminne.