Linolje er ei planteolje vunne ut ved pressing av linfrø. Ho er særleg kjend som eit bindemiddel for pigment i måling. Linolje var vanleg bruka bindemiddel i måling frå mellomaldren fram til 1950-talet. Linoljemåling vert enno bruka i mange samanhenger, både av kunsthandverkarar og ved antikvarisk restaurering av gamle hus. Olja blir også noko bruka som matolje.[1]
Linolje bli brukt som bindemiddel i måling frå mellomalderen, mellom anna i Olavsfrontalet frå 1300-talet.[2] Denne olja vart framstilt ved kaldpressing. Resultatet vart ein olje av god kvalitet, men prosessen utnytta berre om lag ein tredel av olja i frøa. Kaldpressa linolje har lang tørketid. Den største fordelen ved kaldpressa linolje er at ho gulnar mindre enn den varmpressa olja. Ho vert difor bruka til framstilling av kunstnarmåling.
I dag vert linolje til vanleg framstilt ved at linfrø vert finmalne og verma opp før ein pressar ut olja. Varmpressa olje er mørkare enn kaldpressa. Ved oppverming til 280°C vert eggekvitestoffa i linolja felt ut, og linolja får gode tørkeeigenskapar. Husmåling med linolje er til vanleg framstilt av kokt linolje.