Ljan kyrkje | |||
Ljan kirke | |||
Ljan kyrkje
Foto: A-S. Ofrim | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Oslo | ||
Prosti | Søndre Aker | ||
Sokn | Ljan | ||
Fellesråd | Oslo | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Olav Olson | ||
Teknikk | Mur | ||
Material | Stein | ||
Innvigd | 10. april 1932 | ||
Klokker | 2, Olsen Nauen | ||
Kyrkjegard | Nei | ||
Preikestol | Trygve Dammen | ||
Døypefont | Trygve Dammen | ||
Sitjeplassar | 180 | ||
Diverse | Glasmåleri av Rolf Klemetsrud (utf. G.A. Larsen). Krusifiks av Halfdan Davidsen. Anthon Røvik har skore søylekapitelane. | ||
Ljan kyrkje 59°50′46″N 10°47′03″E / 59.84623056°N 10.78419167°E | |||
Wikimedia Commons: Ljan kirke |
Ljan kyrkje er ei langkyrkje frå 1932 i Oslo kommune. Kyrkja er nyromansk og mellomalderinspirert. Slik sett står ho i kontrast til dei funksjonalistiske tendensane som gjorde seg gjeldande i åra etter.
Kyrkja er teikna av Olav Olson som også teikna Kolbotn kyrkje og Strømmen kyrkje. Sistnemnde har vore modell for dei to andre.[1] Ljan kyrkje har 180 sitjeplassar og galleri. Preikestol og døypefont er ved Trygve Dammen.[2]
Det er ikkje gravplass ved kyrkja.