Lomen kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Vestre Slidre | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Hamar | ||
Prosti | Valdres | ||
Sokn | Lomen | ||
Fellesråd | Vestre Slidre | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Heinrich Jürgensen | ||
Innvigd | 29. juli 1914 | ||
• Endringar | 1940 | ||
Klokker | O. Olsen & Søn | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Døypefont | Kleberstein, åttekanta kalkform | ||
Orgel | Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk, 1968 | ||
Sitjeplassar | 200 | ||
Lomen kyrkje 61°07′59″N 8°53′27″E / 61.13304444°N 8.89077222°E | |||
Wikimedia Commons: Lomen kirke |
Lomen kyrkje vart oppført ved garden Hovi i Vestre Slidre (Innlandet) og innvigd 29. juli 1914. Kyrkjegarden ved Lomen stavkyrkje var for liten omkring hundreårsskiftet, og ny kyrkjegard vart teken i bruk i 1903. Kyrkja vart bygd nokre år seinare.
Arkitekt Holger Sinding-Larsen skal ha teikna utkast til kyrkje allereie i 1905[1], men dei endelege teikningane vart utarbeidd av Heinrich Jürgensen, som var utførande arkitekt. Byggverket er oppført i mur og har om lag 200 sitjeplassar. Kyrkja har glasmåleri av Emanuel Vigeland frå 1940.