Ludlow etter massakren

Ludlowmassakren var ei hending som fann stad 20. april 1914 i Ludlow i Colorado under ein konflikt mellom streikande gruvearbeidarar og gruveeigarane. Massakren blei utført av private vakter og nasjonalgarden i Colorado. Rundt 20 menneske døydde, blant dei var kvinner og eit titals barn. Fleire personar på begge sider av konflikten blei også drepne i kampar før og etter massakren. Heile konflikten kravde mellom 69 og 199 liv, og streiken er blitt kalla den døydelegaste i USA-amerikansk historie.[1]

Bakgrunn

[endre | endre wikiteksten]
Fotografi av teltbyen (Ludlow Tent Colony) før massakren.

Colorado hadde ein viktig kolindustri på byrjinga av 1900-talet, og kolgruveselskapa hadde stor makt i høve til styresmakter og arbeidarar. Mange selskap hadde eigne, lukka byar for arbeidarane sine, noko som gav dei auka kontroll og hindra fagorganisering. Trøbbelmakarar og familiane deira kunne lett mista arbeid og bustad eller stengjast ute.[2]

I 1910-åra byrja eit forsøk på å organisera arbeidarane i inn i den nasjonale fagforeininga United Mine Workers of America (UMWA). Det største selskapet som var involvert var Colorado Fuel & Iron Company (CF&I), som hovudsakleg hadde tilhøyrd Rockefeller-familien sidan 1902. Andre større selskap var Rocky Mountain Fuel Company (RMF) og Victor-American Fuel Company (VAF).

For å imøtegå fagorganiseringa gav CF&I arbeidarane betre løn, ein maksimalarbeidsdag på 8 timar, oppheva kupongsystemet og lova å aldri meir tvinga arbeidarar til å handla i selskapet sine butikkar. Det hyra også «agentar» eller vakter frå Baldwin-Felts Detective Agency, som allereie hadde hatt valdelege samanstøytar med streikande arbeidarar i andre delstatar.

I 1913 la UMWA fram åtte krav til selskapa som gjekk ut på betre arbeidstilhøve og løn, fridom til å velja bustad, butikkar og legar, at selsakap skulle følgja arbeidslovane i Colorado nøye og slutta med eigne vaktmenn, og at dei skulle godkjenna fagforeininga. Dei største selskapa nekta å gå med på dette, og i september tok fagforeininga medlemmene sine ut i streik. Arbeidarane flytta frå husa sine i dei lukka byane og slo seg ned i telt på område fagforeininga hadde leigd. Teltplassane låg på strategiske stader ved inngangen til gruvecanyonane slik at dei streikande kunne hindra nyinnleigde streikebrytarar i å koma inn.[3] Det kom til valdelege samanstøytar mellom dei streikande og streikebrytarar, tidvis med dødsfall som resultat. Baldwin–Felts-agentane patruljerte rundt teltbyane med eit maskingevær montert på ein panserbil. Tidvis skaut dei tilfeldig mot telta, og såra og drap innnbyggjarar. Dei streikande grov ut kjellarar for å verna seg og familiane sine.[4]

Massakren

[endre | endre wikiteksten]
Militsfolk ved den øydelagde leiren.
Gravferda etter massakren fann stad i Trinidad i Colorado.

Om morgonen 20. april, dagen etter den ortodokse påskefeiringa, kom tre menn frå nasjonalgarden til kolonien og gav ordre om å sleppa laus ein mann dei sa var fanga der. Leiaren for teltstaden, Louis Tikas, drog for å møta ein lokal militsleiar i Ludlow, nokre hundre meter unna. Medan møtet var i gang sette militsfolk eit maskingevær opp på ei høgd nær byen og langs jernbanelinja. Tikas sprang tilbake til teltbyen og dei streikande tok opp stillingar nær militsstilingane. Etter kort tid byrja ei skotveksling. Kampane varte heile dagen; om ettermiddagen blei militsfolka avløyste av gruvevakter.

Då eit godstog stoppa mellom teltbyen og maskingeværa klarte fleire familiar å flykta til nokre høgder i aust kalla Black Hills. I sjutida stod leiren i flammar; ifølgje streikande påsett av militsfolk eller vaktar, som deretter byrja å plyndra han. Fire kvinner og elleve barn som gøymde seg i ein kjellar under eit telt blei fanga av flammane; to av kvinnene og alle barna omkom.[5] Louis Tikas og to andre menn som hadde blitt verande i leiren blei tekne til fange og Tikas blei slått i hovudet med ei rifle av militskommandøren Karl Linderfelt. Han blei seinare funnen skoten i ryggen saman med dei to andre fangane.[6]

I tillegg til dødsfalla blant dei streikande døydde tre gruvevakter og ein militsmann i kampane.

Følgjer

[endre | endre wikiteksten]
Ludlow-monumentet.

Etter hendinga i Ludlow gjekk væpna gruvearbeidarar til åtak på eit dusin gruver og utstyr i eit 65 km langt område mellom Trinidad og Walsenburg. I løpet av ti dagar etter massakren slost dei også mot nasjonalgarden.[7] Kampane enda først då den amerikanske presidenten Woodrow Wilson sende inn føderale styrkar som avvæpna begge sider.[8]

Nyheiter om hendinga gjekk verda rundt, og blei eit kamprop for UMWA, som kalla henne «Ludlow-massakren».[5] Fagforeininga kjøpte seinare teltstaden og reiste eit monument til dei døde, Ludlow-monumentet, i 1917.

Kongressen i USA bad ein komité (United States House Committee on Mines and Mining) om å undersøka hendinga.[9] Rapporten frå 1915 var viktig for å fremja lovar mot barnearbeid og ein åttetimars arbeidsdag. John D. Rockefeller jr. engasjerte W.L. Mackenzie King, ein ekspert på arbeidslivsrelasjonar og seinare statsminister i Canada, i å forbetra livet og representasjonen til arbeidarar i høve til tryggleikstilhøva ved gruvene. Ei lokal fagforeining blei danna.

Streikarane ved Ludlow fekk likevel ikkje gjennomslag for krava sine. Den nasjonale fagforeininga blei ikkje godkjend, og mange av dei streikande blei erstatta av nye arbeidarar. Over 400 streikande blei arrestert, og 332 av dei blei skulda for drap. Berre ein av dei, streikeleiaren John R. Lawson, blei dømd for drap i ein dom som til slutt blei oppheva av høgsteretten i Colorado. Tjueto militsfolk frå nasjonalgarden, blant dei 10 offiserar, blei stilte for krigsrett. Alle blei frikjende bortsett frå løytnant Linderfelt. Han fekk ein reprimande for å ha slått Louis Tikas.

Gruvedrifta i Ludlow blei seinare lagt ned, og byen er no ein spøkjelsesby. Teltstaden fekk status som eit nasjonalt historisk landemerke i USA 16. januar 2009.[10]

Woodie Guthrie skreiv ein song kalla «Ludlow Massacre»[11] og ein liknande song om gruvearbeidarar i Calumet i Michigan, «1913 Massacre».[12]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. Thomas G. Andrews: «deadliest strike in the history of the United States» (Andrews 2008, 1).
  2. Foner 1990, p. 198
  3. Lowry, Sam. «1914: The Ludlow massacre» (PDF). Libcom.org. Henta June 6, 2014. 
  4. Anthony R. DeStefanis, «The Road to Ludlow: Breaking the 1913-14 Southern Colorado Coal Strike,» Journal of the Historical Society, 12 no. 2 (September 2012): 341-390.
  5. 5,0 5,1 Zinn, H. «The Ludlow Massacre», A People's History of the United States. pgs 346–349.
  6. Andrews 2008, p. 272
  7. http://www.du.edu/ludlow/cfhist3.html
  8. Norwood 2002, p. 148
  9. House Report
  10. McPhee, Mike. «Mining Strike Site in Ludlow Gets Feds' Nod.» Denver Post. June 28, 2009.
  11. «Ludlow Massacre», arkivert frå originalen 24. august 2000, henta 13. oktober 2022 
  12. 1913massacre.com, arkivert frå originalen 7. juli 2011, henta 9. juli 2014 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]