Lupercalia var ein romersk religiøs fest som høyrde til kulten til guden Lupercus eller Faunus. Han blei feira den 15. februar. Namnet lupercalia er truleg avleidd frå latin lupus, ‘ulv’.[1]
Under festen ofra ein geiter og ein hund i hola Lupercal ved botnen av Palatinarhøgda, der Remus og Romulus ifølgje soga om grunnlegginga av Roma skal ha blitt fostra av ho-ulven. Blodet frå offerdyra blei smurt på pannen til to ungdommar, som skulle le under utføringa, og deretter tørka vekk med ull væta i mjølk.[2]
Prestane til Faunus, luperci, var berre iført lendeklede av skinn under markeringa. Dei sprang rundt og slo folk, særleg kvinner, med reimer av geiteskinn.[2]
Føremålet med festen var å verna kveget mot ulvar. Festen fekk også preg av ein ritus for grøderikdom, ettersom kvinenne slått av Faunus-prestane skulle bli gjera dei fruktbare.[1]
Ein kjenner til at høgtida blei feira minst fram til år 494, då pave Gelasius kritiserte kristne som tok del i han.[2]