METAR er ein spesiell kode for vêrobservasjonar frå ein flyplass, og står for Meteorological Aerodrome Report. Desse vert brukte av flypilotar, hovudsakleg som ein vêrbrief før dei tar av. Dei vert òg brukte av meteorologar som nyttar informasjonen til å varsle vêret. Rapportane kjem vanlegvis ti minutt på kvar heile time, og ofte også ti minutt før kvar halve time. Om vêrsituasjonen skulle endre seg drastisk kan dei i tillegg sende ut oppdateringar kalla SPECI. Koden vart internasjonalt innført i 1968 og har vorte modifisert fleire gonger sidan.

Ein typisk METAR-rapport inneheld data om vind, sikt, ev. rullebanesikt (RVR), vêrfenomen, skydekke, skyhøgd, temperatur, doggpunkt, lufttrykk, lyn og anna tilleggsinformasjon som er av interesse for pilotane eller meteorologane.

I tillegg kan det leggast ved eit korttidsvarsel kalla TREND eller landingsvarsel på slutten av ein METAR for å vise til viktige vêrendringar dei neste to timane etter ein observasjon. Desse er om lag på same formatet som ein TAF (Terminal Aerodrome Forecast).

Internasjonal METAR-kode

Amerikansk METAR-kode er litt annleis enn World Meteorological Organization sin, som ein brukar i Noreg.

Stasjons-ID

METAR-koden byrjar med ein stasjons-ID på fire bokstavar etter ICAO (International Civil Aviation Organization) sine flyplasskodar.

Døme: ENBR som er Bergen eller Bergen lufthamn, Flesland

Observasjonstidspunkt

Format: ddttmmZ

Døme: 222150Z - klokka 21:50Z den 22. i månaden.

Vindstyrke og retning

Format (ein av fire):

  1. dddffKT
  2. dddffGffKT
  3. dddffKT dddVddd
  4. VRBffKT

Døme: 36023G33KT - Vind frå 360 grader (nord), vindfart på 23 knop med vindkast på 33 knop.

Horisontal sikt

Format: VVVV, VnVnVnVnDv

Framherskande sikt er den siktverdien som kan nåast eller vert overskriden i minst halvparten av sirkelen horisonten rundt. Områda kan omfatta samanhengande eller ikkje samanhengande sektorar. Dersom sikta er meir enn 10 km vert 9999 brukt.

Er minstesikta under 1500m, eller 50% dårlegare enn den framherskande sikta, eller sikt meldt til 9999 medan minimumsikt er under 9999, skal også minstesikta takast med. På minstesikt skal kompassretninga mot den lågaste sikta vera med (eks.: N, NE, SW).

Rullebanesikt

Format: RDRDR/VRVRVRVRi eller RDRDR/VRVRVRVRVVRVRVRVRi

Døme: R10/1000V1800D. Rullebanesikta på høgre rullebane 10 er 1000 m i eine retninga og 1800 m i andre retninga, men vert lågare.

Noverande vêr

Format: w′w′

Skildrar vêret på flyplassen i observasjonstidspunktet, og består av følgjande komponentar:

Intensitet

Indikerer nedbørsintensitet.

Skildring

Skildrar nedbøren.

Nedbør

Gjev type nedbør.

Sludd vert skriven SNRA eller RASN.(SNRA når det er mest snø og RASN når det er mest regn)

Siktnedsettande

Gjev årsaka til nedsett sikt

Andre

Døme: -RA BCFG BR - Lett regn, tåkeflak (område med sikt mindre enn 1000 m) og elles disig.

Skyer

Format: NsNsNshshshs eller VVhshshs eller SKC eller NSC.

Viss eit skylag har cumulonimbus eller godt opptårna cumulus, vert CB eller TCU brukt etter skybasehøgda.

Døme: FEW010 SCT020CB BKN070 - 1-2/8 skyer i 1000 ft, 3-4/8 skydekke i 2000 ft med CB-skyer og 5-7/8 skydekke i 7000 ft.

CAVOK

CAVOK står for «Ceiling and visibility OK» som erstattar gruppene for sikt, vêr og skyer viss følgjande vilkår er oppfylt:

Temperatur og doggpunkt

Format: T′T′/T′dT′d

Minusgrader vert skrive med ein M føre temperaturen.

Døme: 04/M02 - temperatur på 4 °C og doggpunkt på -2 °C.

Lufttrykk

Format: QPHPHPHPH

Døme: Q0996 - lufttrykk midla til havnivå på 996 hPa. QNH vert alltid runda av nedover til næraste heile hPa.

Nyleg vêr

Format: REw′w′

Same kodane som for noverande vêr.

Døme: RETSRA - indikerer at det har vore torevêr med regn sidan førre observasjon men maks for ein time sidan.

Vindskjer

Vindskjer = Rask endring i vindstyrke og eller retning.

(Observert frå fly ved landing/letting under 1600ft)

Format: WS RWYDRDR eller WS ALL RWY

Døme: WS RWY11L - indikerer vindskjer på rullebane 11L.

Sjøstatus

Sjøtemperatur og bylgjer Sjøtemperaturen i heile grader C "Signifikant" bylgjehøgde etter tabell der kodetal 0 er spegelblank sjø og kodetal 9 er over 14M Døme i ein METAR : W12/S6 Tyder at sjøtemperaturen er 12 gr C og signifikant bølgjehøgd er mellom 4 og 6 meter

Rullebanestatus

T.d. Koda melding samansett av 8 tal når rullebana er dekt av is eller snø

Trend

Bruker følgjande forkortingar i lag med andre komponentar nemnd ovanfor.

Døme: BECMG -SHRA SCT025CB TEMPO 4000 SHRA SCT010 BKN020CB - vêret dei neste to timane blir lette regnbyer, Halvskya i 2500 ft med cumulonimbus (CB), av og til sikt på 4000 m med moderat regnbye halvskya i 1000 ft og skya med CB skyer 2000ft.

Merknader

RMK er andre meteorologiske tilleggsinformasjon gjeve etter nasjonale retningsliner. Gruppa vert alltid innleia av bokstavane RMK. Den vert etterfølgt av andre komponentar nemnd ovanfor og andre forkortingar.

Døme: RMK WIND 850 FT 29015 KT - merknad: vind i 850 ft er 15 knop frå retning 290 grader.

Døme på fullstendig METAR-kode

Denne er henta frå Bergen lufthamn (Flesland)

ENBR 220120Z 09006KT 050V120 9999 9000W FEW010 SCT020TCU BKN040 07/M00 Q0984 VCSH=

22. i månaden kl. 0120Z. Vindstyrke 6 knop frå 90 grader (aust), men vindretninga har variert frå 50 til 120 grader siste 10 minutt. Sikt meir enn 10 km. Skydekke 1-2/ 1000ft, 3-4/8 av skytype TCU og 5-7/8 4000ft. Temperatur 7 °C og doggpunkt 0 °C. Lufttrykk (QNH) 984 hPa. Det er ei bye innan 16KM frå plassen.