Madaba | |||
مدينة مادبا | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
guvernement | Madaba guvernement | ||
Høgd | 763 moh. | ||
Koordinatar | 31°43′N 35°48′E / 31.717°N 35.800°E | ||
Areal | 39,440 km² [1] | ||
- storbyområde | 100 km² | ||
Folketal | 84 600 (2011) | ||
Folketettleik | 2 145 / km² | ||
kommune sidan | 1921 | ||
Borgarmeister | Arif Rawajeeh | ||
Retningsnummer | +(962)5 | ||
![]() Madaba 31°43′00″N 35°48′00″E / 31.716666666667°N 35.8°E | |||
Wikimedia Commons: Madaba | |||
Nettstad: http://www.madabacity.gov.jo | |||
Madaba (arabisk مادبا) er ein by sentralt i Jordan og det administrative senteret i Madaba guvernement, med eit folketal på kring 85 000. Han er mest kjend for mosaikken frå bysantinarane og omajadane, særleg eit stort mosaikk-kart frå bysantinsk tid av Det heilage landet. Madaba ligg 30 km sørvest for hovudstaden Amman.
Madaba har ei lang historie som strekkjer seg frå yngre steinalder. Madaba var ein gong ein grenseby i kongedømet Moab og var nemnt i Bibelen i Fjerde mosebok 21:30 og Josva 13:9. Sjølve Madaba er datert til midten av bronsealderen.
Under styret til dei romerske og bysantinske rika frå 100- til 600-talet, var byen ein del av Provincia Arabia som vart oppretta av den romerske keisaren Trajan for å erstatte det nabateiske kongedømet Petra. Under styret til det islamske Omajadekalifatet var han ein del av det sørlege Jund Filastin.
Det første spora av eit kristent samfunn i byen, med sin eigen biskop, finn ein frå Khalkedon-rådet i 451, der Konstantin, metropolitten av Bostra (provinshovudstaden) signerte på vegner av Gaiano, «biskopen av Medabeni.»
Byen vart busett på ny i mellom ruinane av oldtidsbyen av 90 arabiske kristne familiar frå Kerak i sør, leia av to italienske prestar frå det latinske patriarkatet i Jerusalem i 1880. Det var starten på den arkeologiske undersøkinga av området.
Madabakartet vart oppdaga i 1896 og trekte til seg merksemda frå forskarar verda over. Mosaikken syner eit kart over regionen, datert til 500-talet, og er bevart i golvet på den gresk-ortodokse basiliaken St. Georg. Med to millionar bitar av farga stein, syner kartet åsar og dalar, landsbyar og byar i Palestina og Nildeltaet.
Madaba er venskapsby med: