Jonghhua-demninga i Taiwan er ei typisk magasindemning som skaper eit kunstig reservoar for utnytting i eit lågareliggjande kraftverk.
Òg store elvar kan magasinerast. Her Grand Coulee-demninga i Columbia-elva, Washington state.

Magasinkraftverk er eit kraftverk som nyttar ståande vassreservar til kraftproduksjon, og der vassføringa direkte vert regulert ved hjelp av eit vassmagasin i tilslutning til kraftstasjonen. Større magasinkraftverk har normalt stor fallhøgd, og ofte er magasinet (eventuelt med ei demning) og kraftstasjonen skilde frå kvarandre. Slike kraftverk vert òg kalla høgtrykkskraftverk. Dette er eit alternativ til elvekraftverk som direkte utnyttar den kontinuerlege strøyminga gjennom ei elv, dei vert kalla lågtrykkskraftverk.

Norske høgtrykkskraftverk nyttar Francisturbiner for fallhøgder mellom 30 og 600 m og Peltonturbiner for fallhøgder større enn 600 m.

Magasinkraftverk kan vera ulike typar:

Fordelar

Den store fallhøgda aukar vasskraft-effekten uavhengig av vassmengda. Nokre av dei kraftigaste vasskraftverka i verda er magasinkraftverk, inklusive den gigantiske Tre_kløfter-demninga som høyrer til verdas kraftigaste kraftanlegg med 21,5 GW.

Magasinkraftverk er i stor grad uavhengige av naturleg vassføring og nedbør. Dei kan lagra vatn til turkeperiodar eller periodar med generelt liten krafttilgang. Magasinkraftverk kan setja i gang kraftproduksjon og samkøyra han med ynskjelege svingingar på marknaden. Oppdemminga hindrar ikkje båttrafikk eller annan bruk av vassdraget dersom reservoara ikkje er kunstig oppdemma.

Ulemper

Magasinkraftverk er ofte kostbare å byggja, med store investeringsbehov knytte til oppdemming, tunnelanlegg og kraftstasjon. Anlegget får lang nedskrivingstid og fører dessutan til oppdemmingar som kan gjeva økologisk uynskt overfløyming av tidlegare turt land og biotopar. Oppdemminga kan redusera vassføringa i elvane og dermed påverka økologien, grøda og livstilhøva generelt nedanfor anlegget.

Døme på større magasinkraftverk

Sjå òg

Bakgrunnsstoff