Kart over Nord-Europa med Ancylussjøen rundt 7500 f.Kt.

Maglemosekulturen er ei arkeologisk kulturgruppe frå tidleg mellomsteinalder i Nord-Europa. Han er datert frå omlag 9000-talet f.Kr. til 6000-talet f.Kr. Han overlappar enden av den siste istida, og varte klimatisk sett frå midten av preboreal tid til byrjinga av atlantisk tid.[1] Kulturen strekte seg frå dagens Sør-Sverige i aust, gjennom Danmark og Nord-Tyskland, til Aust-England i vest. På denne tida band eit landområde som er blitt kjend som Doggerland saman Fastlands-Europa og den seinare øya Storbritannia.

Funnstader

Maglemosekulturen har namn etter funnstaden Maglemose ved Mullerup i Vestsjælland. Denne funnstaden blei graven ut av Georg Sarauw i 1900. Det er også gjort store funn ved Holmegård og Sværdborg i Danmark. I tillegg er det funne buplassar som er svært like fleire stader i Sverige, som Bare mosse i Svalövs socken, Linnebjer i Öbacken ved Malmö og Ageröds mosse ved Ringsjön i Skåne. Anderstorp og Nennesmo i Jönköpings län er dei nordlegaste maglemosebuplassane ein har funne i Sverige. Buplassar frå denne kulturen er dei eldste kjende buplassane i Sverige. Liknande buplassar som også blir rekna til same kulturen er funne i Nord-Tyskland og Aust-England

Skildring

Folka i Maglemosekulturen verker å ha levd av jakt, fiske og sanking. Bein og horn var viktige materiale som blei brukt til å laga økser, knivar, harpunar og liknande.[2] Ein kunne bruka flint til å laga eggar, men flint var relativt lite brukt og flekketeknikken for flint var lite utvikla. Gjenstandar frå kulturen kan vera pynta med innrissa geometriske mønster som linjer, sikksakklinjer og trekantar. Det finst også stiliserte dyr og menneske.

På buplassane som er undersøkte har ein funne hytter med golv av bork. Dette var truleg sommarbuplassane, medan vinterbuplassane kan vera fløymde over på grunn av havstiging.[2]

Samband med andre kulturgrupper

Saman med den austbaltiske Kundakulturen danna Maglemosekulturen eit større kulturområde i Nord-Europa. Kulturen blei avløyst av Kongemosekulturen.

Sjå òg

Kjelder

  1. Aaby 2006 s. 162
  2. 2,0 2,1 Hagen, Anders; Solberg, Bergljot (14. februar 2009). «Maglemosekulturen». Store Norske Leksikon.