Magne Myrmo


Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. juli 1943 (80 år)
Rennebu kommune
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1972, Ski-VM 1974, Vinter-OL 1976

Utmerkingar

Holmenkollmedaljen, Olavstatuetten, Sportsjournalistenes statuett

Magne Gunnbjørn Myrmo (fødd 30. juli 1943 i Rennebu i Sør-Trøndelag) er ein norsk tidlegare langrennar. Frå slutten av 1960-talet og i over eit tiår var han mellom dei beste norske langrennarane.

Fremste prestasjonane

Myrmo er kjend som «den siste verdsmeister på treski». Under VM på ski 1974 i Falun tok han gull på 15 km, eit knapt sekund framom Gerhard Grimmer, som gjekk på nye glasfiberski. Under OL i 1972 vann han sølvmedaljen på 50-kilometeren etter Pål Tyldum. Bronsemedalje frå VM-stafetten 1974.

Han vart norgesmeister to gongar (1971 og 1972), vann fem NM-sølv og åtte NM-bronser.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn

I verdsmeisterskapen i 1974 gjekk han startetappen på det norske stafettlaget, som vann bronsemedaljane.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

Magne Myrmo vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1972.

Myrmo vart i 1974 kåra til «Årets idrettsnamn» og fekk Sportsjournalistenes statuett.

Kjelder