BWV 243 Magnificat av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1728-1731 | ||
Urframføring | 2. juni 1733 | ||
Publiseringsdato | 1828 | ||
Typisk lengd | 27:52 | ||
Satsar/akter | 12 | ||
Toneart | D-dur |
Magnificat i D-dur, BWV 243, er ein magnificat komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1728-1731 for pinsen den 2. juni 1733. Bach vart utnemnd til musikkdirektør i Leipzig og kantor ved Tomaskyrkja i mai 1723. I desember hadde han alt komponert 30 kantatar og på juledag presenterte koret hans tre nyskrivne verk, Christen, ätzet diesen Tag BWV 63, Sanctus i C for morgontenesta og ein Magnificat i Ess-dur for aftansongen. Det siste av desse tre stykka danna grunnlaget for Magnificat i D-dur og har blitt eit av dei mest kjende korverka til Bach.[1]
Teksten er henta frå Evangeliet etter Lukas 1: 46-55.
Temaet er basert på salmen «Meine Seele erhebet den Herren» (Tysk Magnificat). Den tidlegare kjende kjelda til denne melodien kjem frå regionen Soest i 1532.
Stykket er instrumentert for tre trompetar, pauke, to tverrfløyter, to oboar, to oboar d'amore, to fiolinar, bratsj og basso continuo (+ fiolonsell, violone, fagott), samt fem songsolistar (sopran 1 og 2, alt, tenor, bass) og femdelt kor (SSATB).
Det består av tolv satsar: