Makrofagar (latin: macrophagocytus; av gresk makros 'stor', og phagein 'ete', «kjempe-etarar»; forkorta MΦ) er ein type kvit blodcelle som omsluttar og fordøyar celleavfall, framandpartiklar, mikrobar og kreftceller gjennom ein prosess kalla fagocytose. Makrofagar blei fyrste gong oppdaga i 1884 av den russiske biologen Élie Metchnikoff.[1] Dei finst i nær sagt alle vev,[2] der dei patruljerer etter potensielle patogen gjennom amøboid rørsle. Dei spelar ei kritisk rolle i det ikkje-spesifikke forsvaret (medfødd immunitet), og bidreg med å iverksetje spesifikke mekanismar (tileigna immunitet) ved å rekruttere andre immunceller som til dømes lymfocyttar. Dysfunksjonelle makrofagar kan valde alvorlege sjukdommar som til dømes kronisk granulomatøs sjukdom, som fører til hyppige infeksjonar.
Makrofagar aukar betennelsesrespons, stimulerer immunsystemet, verkar antiinflammatorisk og dempar immunreaksjonar ved å sleppe ut cytokinar. Makrofagar som fremjer betennelse blir kalla M1-makrofagar, medan dei som dempar betennelse og fremjer vevsreparasjon blir kalla M2-makrofagar.[3] Denne ulikskapen speglar seg i stoffskiftet deira, der makrofagane har ei unik evne til å metabolisere ei aminosyre, arginin, til anten eit «drepemolekyl» (nitrogenoksid) eller eit «reparasjonsmolekyl» (ornitin).
Makrofagane hjå menneske er om lag 21 mikrometer i diameter,[4] og blir danna ved differensieringa av monocyttar i veva. Dei kan identifiserast ved bruk av flowcytometri eller immunhistokjemisk farging, der ein ser etter spesifikk uttrykking av ulike protein som til dømes CD14, CD40, CD11B, CD64, EMR1 (menneske)/F4/80 (mus), lysozym M, MAC-1/MAC-3 og CD68.[5]